Den store journalistprisen delt i to: Til Vegard Venlis innsynskamp - og til «Våtdraktmysteriet»

Nok en pris til den prisbelønte flyktningereportasjen. Og heder til den ukuelige innsynsjournalisten Vegard Venli.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Tirsdag ble Den store journalistprisen delt ut, under en markering i regi av Norsk Presseforbund på Sentralen i Oslo. 

Og årets pris ble delt i to: 

  • Til Vegard Venli for kampen for og åpningen av aksjonærregisteret. 

  • Og til Dagblad-journalistene Anders Fjellberg og Tomm W. Christiansen for «Våtdraktmysteriet».

Se video fra prisutdelingen lenger ned i saken. Les hele juryens begrunnelse og jurylederens tale under videovinduet. 

Vegard Venli får prisen for den uttrettelige kampen for offentlighet og innsyn i det såkalte aksjonærregisteret, en kamp som ble kronet med seier i fjor høst. Da kunne Kommunal Rapport for første gang presentere registeret over alle nordmenns aksjer. 

Juryen uttaler om Venli: 

Vegard Venli er ein døropna av sjeldant kaliber.

Arbeidet hans med å opna aksjonærregisteret er vorte karakterisert som både eit journalistisk kunststykke av eit arbeid og den største nyvinninga innan økonomisk journalistikk på lang, lang tid.

Dagblad-journalistene Fjellberg og Christensen får prisen for den mye omtalte og meget prisbelønte, imponerende reportasjen «Våtdraktmysteriet» - historien bak to lik som strandet i henholdsvis Nederland og Norge.

Og som viste seg å være to flyktninger som hadde forsøkt å svømme fra Calais i Frankrike og til England. 

Juryen uttaler blant annet:

At dette arbeidet no også vert heidra med Den store journalistprisen er heilt riktig.

For mellom alle dei tusenvis av reportasjar frå fjorårets europeiske flytkningedrama, skil Fjellberg og Christiansens journalistikk seg ut.

Historien om to anonyme unge døde menn som dreiv i land i Nederland og Norge er heilt spesiell.

  • LES OGSÅ hele reportasjen Våtdraktmysteriet Dagbladet.no

Se prisutdelingen streames / i opptak - med taler, prisutdeling, opplesing av «Våtdraktmysteriet» og intervju med prisvinnerne: 

Her kan du lese juryleder Harald Stanghelles tale i forbindelse med utdelingen:

«Men ikke ett ord i avisen», skreiv og no las altså Jan Erik Vold med tankevekkande kraft.

Tankevekkande i ei tid då den frie journalistikken er under sterkare krysspress enn nokon gong siden den partipressas mest einspora dagar. Vi er under press frå det største hamskiftet for det trykte ordet sidan trykkekunsten gjorde den massespreidte bodskapen mogeleg.

Vi vert pressa av inntektsmodelllar som sviktar.

Av innsparingar og nedskjæringar.

Av kutt og oppsigelsar med resultat av færre journalistar må lage meir journalistikk.

Av mektige Google og Facebooks anneksjon av det det sosiale rommet der vi alle lever liva våre.

Men vi vert også pressa av den vekstnæring som informasjons- og pr-bransjen representerer.

Dei som lever godt av å skapa verkelegheita om i sitt bilete.

Det som til ei kvar tid passar oppdragsgjeveran.

Vi vert pressa av styresmakter som let innbilt tryggleik trumfa liberale openheitverdiar.

Som gjev oss lover som verkar innvaderande, ikkje beskyttande.

Og der det hemmelege politiet ikkje held seg for god til å belagleggja journalistisk materiale og slik trampa på det heilhagste av all for frie medier – kjeldevarnet.

Og vi vert pressa av den uforsonlege brutaliteten til vår tids nye ekstremisme.

Ein ekstremisme som vil tilrana seg vetorett over ytringar dei mislikar.

Som vil snevra inn det ytringsrommet som endeleg var vorte stort nok til å pusta friare i.

Det er med andre rikeleg med grunnar til pessimisme på journalistikkens vegne.

Då er det at journalitikken sjølv melder seg som terapi for dette svartsynet.

31 kandidatar og arbeid som er vurdert til årets utgåve av Den store journalistprisen.

Det er journalistikk til å verta glad for.

Til å beundra.

Journalistikk som set samfunnsprosessar i bevegelse.

Som rører sinna.

Og som endrar oss som menneske og som samfunn.

Både kvar for seg og samla er dette journalistikk som viser fram det meingsfulle i det vi driv på med.

Arbeid som er ein triumf for kvalitetsjournalistikken.

Og som minner oss om at den har vi mykje av i dette landet.

Årets jury har bestått av Tove Lie, Fagpressen, Hildegunn Soldal, MBL, Christian Lura, NJ, Silje Hovland, TV2, Ole Torp, NRK og altså underteikna, Harald Stanghelle frå NR..

Vi har hatt ein like morosam som krevande jobb.

Og vi er glad for dei vanskelege vala all denne framifrå journalistikken har stilt oss overfor.

Sjølv om dei førte til intense diskusjonar i juryen.

Til frisk usemje og djup tvil.

Og til eit juryarbeid som til sist resulterte i at vi i år landa på to vinnarar.

På sett og vis står journalistikken til dei to vinnarane milevis frå kvarandre.

Slik også dei to mediane dei arbeider i, gjer det.

Men likevel er det ein indre samanheng når prisen går til desse to.

For vi kjenner alle dei kjappe sakene og det hektiske nyhetsbildet.

Den kakafoniske lyden av døgnets pulsslag.

Det vi straks hastar vidare frå i jakten på den neste saka, den neste ivrige tittelen.

Men så finst det ein type journalistikk som har ein annan rytme.

Som er langsom på sine eigne premisser.

Som utfordrar sanninga om at ingen dyd er så lite synonym med journalistikkens vesen som tålmodighet.

For i dag er det nettopp tålmodigheten vi skal heidra.

Den som tåler skuffelsar og blir oppildna av tilbakeslag.

Den som er tru mot ideen.

Og den som nektar å tvila på målet.

Begge vinnarane har metodisk sett drive journalistisk nybrottsarbeid.

Slikt som krev staheit og sjølvtillit.

Kreativitet og uthaldenheit – samt god og bevisst arbeidsledelse.

Den første av årets vinnarar arbeidde to og eit halvt år før innsatsen vart krona med sige

Han kjempa mot hemmeleghaldet.

Mot innsynsnekt.

Med insisterande truskap mot ideen om eit ope samfunn nekta han å ta mange titalls nei for eit nei til å bøya seg for.

Han møtte stengde dører, men det berre stimulerte han til å banka hardare på.

Han ville avsløra dobbeltroller og inhabiltet, men fekk ikkje adgang til verktøya han trengte.

Men han gav seg ikkje.

Så er også årets prisvinnar Vegard Venli i Kommunal Rapport.

Han er journalisten som på eigahand sørga for at den mest uttømmande oversikten over kven som eig aksjar i norske selskap, nemleg det digitale aksjonærregisteret, er vorte offentleg eige.

Og han er journalisten vi kan senda ein takknemleg tanke når det no STÅR «et ord i avisen».

For Vegard Venli er ein døropna av sjeldant kaliber.

Arbeidet hans med å opna aksjonærregisteret er vorte karakterisert som både eit journalistisk kunststykke av eit arbeid og den største nyvinninga innan økonomisk journalistikk på lang, lang tid.

Like rause ord frå kolleger som veit kva dei snakkar om.

Gratulerer med Den store journalistprisen for 2016!

Årets andre vinnar er eit journalistisk arbeid av eit heilt anna slag.

Det er journalistikk som rører ved oss som menneske.

Som ser den vesle i det store.

Som maktar riva oss laus frå det overveldande og minna oss om den evige sanninga:

Mennesket først!

Men det er også eit uhyre krevande journalistisk prosjekt der det vart gått opp upløyd metodisk mark.

Og der berre ein imponerande tålmodighet førte til at gåta var løyst.

Prisen går til Anders Fjellberg og Tomm W. Christiansen for «Våtdraktmysteriet».

Ja, kven elles?

«Våtdraktmysteriet» er allereide vorte ein prisgrossist.

At dette arbeidet no også vert heidra med Den store journalistprisen er heilt riktig.

For mellom alle dei tusenvis av reportasjar frå fjorårets europeiske flytkningedrama, skil Fjellberg og Christiansens journalistikk seg ut.

Historien om to anonyme unge døde menn som dreiv i land i Nederland og Norge er heilt spesiell.

Den er historie om draum og tragedie.

Og vilje og desperasjon.

Om nett desse to og dei mange.

Og det er knapt nokon historie som så sterkt og så uvanleg fortel den lille historie i det store dramaet.

Kjære Anders og Tomm,

de rørte både oss i Norge og eit stort internasjonalt publikum ved å gje eit navn og eit liv til dei to døde unge menneska frå sønderslitne Damaskus.

På vegen mot dette brukte de metodar for å identifisera 22 år gamle Moaz Al-Balkhi og 28 år gamle Shadi Omar Kataf som ingen andre norske mediefolk tidlegare har brukt.

Slik har de gjeve oss eit samtidsdokument.

Og slik har de reist ein bauta over det enkelte mennesket og dets verdi i straumen av flyktningar vi helst vil oversjå.

«The best story about the migrant crises in Europa I have ever seen,» som den tidlegare guvernøren i Vermont, Howard Dean, utbraut på Twitter.

For denne gongen VART det «et ord i avisen»

Takk og gratulerer med prisen!

Powered by Labrador CMS