TOMAS BRUVIK vil ha to tanker i hodet på en gang, og er lei av «meningstyranniet» i norsk avisbransje.

Dersom nokon nemner at papiravisa er viktig, blir ein nærast sett på som tilbakeståande

KOMMENTAR: To tankar i hovudet samstundes er faktisk muleg også for ein mann, Gard.

  • KOMMENTAR: Tomas Bruvik, redaktør og dagleg leiar i Kvinnheringen.

Bruviks innlegg er et svar til denne kommentar på Medier24 fra redaktør Gard Michalsen søndag: Nei, problemet er ikke at papiravisene blir likere. Problemet er at vi fortsatt bruker altfor mye tid på dem

Gode Gard Michalsen.

Du les Klassekampen som fanden les bibelen, og du har totalt og fullstendig misforstått det du har lese, og det som er mi meining i saka.

For det første, å henga med i utviklinga er avgjerande viktig for alle typar aviser, anten ein er små, store eller enorme.

Slik eg tolkar deg skulle vi lagt vekk alt anna og berre tenkt hundre prosent digitalt, men vi må ha to tankar i hovudet samstundes all den tid det er papiret som skaffar oss dei fleste inntektene.

Inntekter er faktisk nødvendig for å driva ei mediebedrift som skal overleva over tid, levera eit godt produkt og overskot til eigarane.

For det første, eg bryr meg katten i om at eit system heiter Saxo, Newsroom, Citrix eller Esenic.

Eg har heller ikkje noko imot verken avissystem eller malar berre dei fungerer slik at vi kan oppnå måla våre; eit godt produkt og eit godt resultat. Mitt ønskje er å driva god og effektiv lokalavis både på nett og papir, og korleis ein gjer dette er det delte meiningar om.

Problemet mitt er at systema vi nyttar no tek langt meir tid å bruka enn det våre tidlegare system gjorde.

Du tek det som ei sanning at det å laga avis i eit av «fellessystema» er det mest effektive for alt og alle. Slik et det dessverre ikkje, og du har ingen kunnskap om korleis vi dreiv avis før og korleis vi driv avis no. Uansett korleis du vrir og vender på det var vi i Kvinnheringen meir effektive, og langt flinkare både på papir og digitalt, før vi la om til eit stort fellessystem som er laga for «alle» typar aviser.

Men det er no visst slik at du Gard veit best korleis vi i Kvinnheringen kan jobba effektivt. Dette utan at du har ein ide om korleis vi jobba før. Du berre slår fast at dette er dogmatisk og ein motstand mot konsern.

Det er så feil som det kan bli, det er ikkje motstand mot noko som helst, men vi prøver berre å seia at kanskje er det nokre ting vi kan gjera betre sjølv. Eller er det slik at alt stort og langt vekke er best?

Istadenfor å vera oppteken av at vi produserer papiravisa så effektivt som muleg slik at vi skal ha mest muleg ressursar til å satsa digitalt hamrar Gard Michalsen laus utan takt, tone og kunnskap.

Hadde eg presentert mine lesarar så feilaktige og mangelfulle fakta som du gjer i din kommentar hadde eg snart vore utan tillit og kundar. Du Gard av alle bør ikkje bygga opp under myten om at reine nettpublikasjonar driv populistisk og lettvint journalistikk og ikkje bryr seg om faktasjekk.

Du kunne lett teke ein telefon eller send ein e-post til meg, men truleg ville du ikkje fått dei svara du ville, og det hadde ikkje passa inn i din kontekst.

For du vil ha det til at underteikna tilhøyrer steinalderen, og berre tenkjer på papiravisa og grafisk utforming av den. Det er 100 prosent feil, men i motsetnad til deg må vi som er så «gammaldagse», og i tillegg til nettet har ei papiravis å produsera, så må vi ha to tankar i hovudet samtidig.

Basert på at vi ønskjer eigenart konkluderer du og med at vi er nettsinker og knapt veit kva Internett er. Du om det.

Kvinnheringen må vera gode på nett, og eg trur ikkje vi ligg tilbake for nokon digitalt om vi samanliknar oss med andre jamstore aviser. Eg trur du vil bli overraska både over inntekter og besøket hos oss på nett.

Du har totalt og fullstendig misforstått det som står i Klassekampen, og kan hende kom det ikkje mine tankar godt nok fram. Det eg meiner er at nokre system passar nokon, nokre system passar ikkje inn over alt.

For vår del har overgang til ein «meir effektiv» produksjon gjort oss mindre effektive, dessverre. 

Med overgang til nye og større system har journalistane fått mindre tid til det dei er flinke på, laga gode saker til både nett og til papir. Det er jo det som er kjernen, å laga god og solid journalistikk i alle kanalar.

Det må vi gjera, for utan tid til solid og skikkeleg journalistikk også på papiret tek vi livet av satsinga vår på nett, for det er framleis gjennom papiret inntektene våre til utvikling og bruk av tid på nett kjem frå.

Du påstår vi fornektar utviklinga, det er komplett feil. Vi ønskjer å ha mest mogleg tid i ei svært lita lokalavis til å henga med i alle kanalar.

Du skriv ein kommentar der du konkluderer med at alt og alle må gjera alt på same måten. For det første ville det vore gudsjammerleg keisamt, og for det andre så håpar eg og at du forstår at noko som passar i ein organisasjon kanskje ikkje passar i ein annan, etter kompetanse og kultur.

Eller er du av den meining at alle bør gjera alt på akkurat same måten. At alle aviser både på nett og papir bør vera akkurat like og produserast på same måten?

Det einaste eg kanskje er einig med deg i Gard, er at Gjesdalbuen er eit glitrande eksempel på korleis små organisasjonar kan jobba på nett og papir. Men Gjesdalbuen er ikkje åleine, storparten av lokalavisene gjer som dei. Satsar på god journalistikk i to kanalar, og du bør ha fått med deg at dei lagar ei av dei mest fyldige vekeavisene på papir.

Du prøver og å få det til å sjå ut som om lokalvisene er nokre nettsinker, som ikkje bryr seg om anna enn cellulose. Du dreg og fram landsmøtet i LLA som ein stad der ein ønskjer å vera mindre digitale.

Det er feil, feil og atter feil. Landsmøta i LLA, seinast i vår, har ei rekkje faglege sesjonar med fokus på digital utvikling. Det er ikkje nokon stader eg har diskutert meir om korleis vi kan skaffa meir inntekter.

I haust var eg med og arrangerte eit 100 prosent digitalt kurs for 60 journalistar og marknadsfolk frå LLA-avisene på Vestlandet. Einaste tema i to dagar var korleis bli betre på nett, og korleis skaffa meir inntekter digitalt. Dette er noko som opptek oss svært mykje og det er av avgjerande betydning for lokalavisene i framtida.

Det store problemet er at ingen sit med ein fasit på korleis vi skal klara å få meir pengar på nett. Dessverre har eg heller ikkje fått den fasiten frå deg, anna enn at du må satsa meir digitalt.

Eg blir så ufatteleg skuffa over dei mest «nettivrige» som ikkje forstår at vi framleis må utvikla både nett og papiravisa.

På eit medieseseminar i USA nyleg kunne eg høyre ein av toppane i verdas største mediekonsern Newscorp understreka nettopp kor viktig det er å framleis driva utvikling også papir så lenge det er for lite inntekter digitalt.

Du og nokre andre med deg prøver konstant å setja nett opp mot papir. Dersom det er nokon som nemner at papiravisa framleis er viktig blir ein sett på som næraste tilbakeståande (les meg).

At alle som ikkje er 100 prosent digitale i tankegangen er nokre fortumla tullebukkar som ikkje klarer å sjå inni krystallkula. De tåler ikkje at nokon gir ein klapp for papiravisa.

Om ein snakkar 99 gonger om digital utvikling og ein gong om papirutvikling, er netthovuda mest irritert over den eine gongen papir blir nemnt. Det er blitt eit meiningstyranni, og det i ein bransje som burde applaudera meiningsmangfald.

Det blir sagt at det berre er kvinner som kan ha to tankar i hovudet, og kanskje er eg litt som ei dame slik sett.

Svært få gode lokalavishistoriar finst mellom dei som berre har satsa på den eine netthesten, sjølv om du meiner det er det vi bør gjera.

Men det er per i dag ikkje noko alternativ, om eg som lokalavisredaktør skal ha ressursar til å oppfylle mitt ønskje om å laga ei knallgod lokalavis, og levera eit resultat både lesarane og eigarane set pris på.

Til toppen