KVINNHERINGEN - her med jubelstemnng og pris under landsmøtet til Landslaget for lokalaviser våren 2015, fra venstre: Mona Grønningen, Merete Lillesand, Elisabeth Berg Hass og redaktør Tomas Bruvik. (Arkivfoto: Gard L. Michalsen)

«Det som irriterer meg aller mest er den evinnelege straumen av negativitet retta mot dei som lagar ei papiravis»

DEBATT: - Etter dagens kommentar klarte eg ikkje senka blodtrykket utan å svare, skriv Kvinnheringens redaktør Tomas Bruvik.

  • TOMAS BRUVIK, redaktør / dagleg leiar i Kvinnheringen.

Gard Michalsen har tidlegare denne veka skrive at han serverte ei sak på Medier24 som ikkje ville gje meg høgt blodtrykk.

Det stemte.

Men etter dagens (torsdagens) Michalsen-kommentar klarte eg ikkje senka blodtrykket utan å svara.

> LES OGSÅ Medier24-redaktør Gard Michalsens kommentar: Det er helt greit å ta 10 millioner kroner fra papiravisene. Men da burde pengene gå til tiltak for innovasjon og omstilling

No kjem svar både på kommentaren din om at det er rett å kutta i pressestøtta, og fleire andre kommentarar du har presentert den siste tida.

Det som irriterer meg aller mest er den evinnelege straumen av negativitet retta mot dei som lagar ei papiravis.

All statistikk seier at lesing av papiraviser går ned. Det er eit faktum.

Inntektene på papir går ned. Det er eit faktum. Inntektene på annonser på nett aukar ikkje.

Det er òg dessverre eit faktum.

ssb-papiravislesing-kollasj

Det som derimot ikkje er eit faktum er at pressestøtta går direkte til produksjon av papiravisa.

Den går både til produksjon av nyhende på papir og nett.

Ei støtte som verkeleg er med og bidrar til at avisene klarar å omstilla seg til den nye tida.

Den siste veka har Gard Michalsen minst fem gonger presentert tal frå SSB som syner at lesinga av papiraviser har gått dramatisk ned dei seinare åra, noko eg faktisk trur unge Michalsen har stor glede av.

Problemet er at han ikkje kan finna statistikk, særleg for den yngste gruppa, over kor mange av dei unge som les nyhende på nett.

Dessverre trur eg det er skremmande få der òg.

Dessverre, og eg meiner verkeleg dessverre, så trur eg ikkje avisene i stor grad vil klara å lokka til seg dei unge lesarane til sine aviser.

I papiravisene si glanstid, fekk born og unge servert Bergens Tidende eller lokalavisa til frukosten, eller til ettermiddags-safta.

Dei bladde gjennom avisa og såg om dei fann teikneseriar eller folk dei kjende i avisa.

No er papiravisene på veg ut av mange heimar, og uansett kor mykje vi utviklar oss og prøver å gjera oss attraktive for dei unge, trur eg ikkje vi kan venta at ungdommane gjer det same med nettavisene våre, som dei gjorde med papiret.

Flatene er ikkje tilrettelagde for det, ungdomane går ikkje inn på kvinnheringen.no eller vg.no når dei surfar på nettet.

Dei har heilt andre vanar.

Bergens Tidende prøver seg med BT Junior på nett. Eg trur dessverre (igjen) at det ikkje vil fungera. Aftenposten Junior lukkast med dette på papir, fordi foreldra har abonnert for dei og sagt; les dette.

Og borna har funne det interessant.

Men å seia til born at dei må gå inn på telefonen eller pc-en, for så å logga seg inn på BT-junior og byrja å lesa, det trur eg ikkje på. Det gidd ikkje ungdommane, uansett kor bra og flott jobb Bergens Tidende gjer.

Dette er eit demokratisk problem, men avisbransjen prøver og prøver og noko vil ein lukkast med, men ein må prøva og feila for å lukkast.

Eg meiner vi i avisbransjen i alt for liten grad har prøvd å ri to hestar samstundes.

Papiravisa har blitt snakka ned herfrå til evigheten. Papiravisene er òg blitt dårlegare, dei aller fleste.

Noko som seier seg sjølv når ein kuttar kraftig i redaksjonane og samtidig har svært mange nye flater å fylla.

Kommentarane til Gard Michalsen ber etter mi meining stundom preg av å vera lettvinte.

Du meiner avisene bør få mindre pressestøtte, noko som vil føra til meir utvikling. Akkurat det klarer eg berre ikkje å forstå logikken i.

Slik eg tenkjer vil mindre støtte føra til mindre innovasjon og utvikling, færre menneske og dårlegare journalistikk.

Det store mantraet til Medier24 er ned i frekvens og færre papiraviser.

Det trur eg og vil skje. Det skjer fordi ein må spara pengar.

Det demokratiske problemet er der framleis – kven skal sjå til at vi har eit oppegåande demokrati over heile landet, om ein knapt har vaktbikkjer igjen?

Gard Michalsen meiner deler av pressestøtta bør gå til utvikling, og at det faktisk er rett å kutta i den.

Eg må då spørja Michalsen - utvikling av kva?

Du skriv stadig at utvikling og innovasjon er det viktige. Er det noko det blir brukt tid og krefter på i konsern og uavhengige aviser, så er det utvikling og innovasjon.

Difor blir mitt spørsmål til Michalsen:

Kva er det eigentleg du vil at pengane skal gå til?

Kva konkret er det du saknar og treng meir av og kva er målet?

Problemet er rett og slett at eg ikkje forstår kvar du vil, og det må du prøva å forklara meg.

Det einaste eg har forstått er at du vil ha papiravisene dit pepparen gror, utan at eg forstår kvifor det er slik.

Dette innlegget vart både rotete og lite samanhengande.

Det skuldast høgt blodtrykk.

Til toppen