Fire nye praktikantar til Nynorsk avissenter. Skal bli journalistar på eit halvt år

- Får ein «eineståande sjanse» til å lære journalistikk på seks månadar, skriv senteret.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Nynorsk avissenter har plukka ut fire nye praktikantar, som får ein «eineståande sjanse» til å lære journalistikk på eit halvt år.

Det skriv senteret i ei melding torsdag:

- Ein stril, ein sunnmøring, ein sunnhordlending og for første gong – ein romsdaling – dannar det åttande kullet i avissenteret i Førde, som Stiftinga Nynorsk avissenter driv i tett samarbeid med avisa Firda.

Etter jul ventar ei intensiv opplæring i Førde, der «å lære ved å gjere» er sentralt.

Dei fire vert kasta rett ut i praksis, under rettleiing av erfarne journalistar.

– Nynorsk avissenter starta opplæringa i 2013. Til no har vi sendt frå oss 24 praktikantar. 14 av dei jobbar med journalistikk på heil- eller deltid, og det er bra slik mediebransjen er no. Oppgåva vår er å levere flinke journalistar for å styrkje nynorsken, seier Ivar Myklebust Longvastøl, leiar for Nynorsk avissenter.

Her er de fire nye:

Martin Årseth (28) er frå Alversund i Lindås, for tida busett i Oslo der han er vikar i Nynorsk pressekontor. Han har vore journalist i Vest-Telemark Blad og var med å vinne journalistprisen for Telemark i 2014. Martin har bachelor i historie og er i gang med ein mastergrad i nynorsk skriftkultur. Han har brei organisasjonsbakgrunn, frå mellom anna Studentersamfunnet i Bergen, Norsk Målungdom, Noregs Mållag, Nei til EU, partiet Raudt og Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen.

– Eg har gått gamleskulen som journalist, byrja i lokalavis og teke steget til hovudstaden, men eg er heilt utan utdanning i faget. No søkjer eg eit betre fundament for å satsa vidare som journalist, seier Martin.

Ragna Bogsnes Hegge (20) er frå Husnes i Kvinnherad. Ho tok eit årsstudium i psykologi etter vidaregåande skule og arbeider i haust som pleiemedarbeidar på sjukeheim og i heimetenesta i Trondheim kommune. Lysta til å bli journalist vart vekt då ho hadde arbeidsveke i lokalavisa Kvinnheringen i niande klasse. No er ho klar til å ta opp igjen journalistikken og lære meir.

– Det er viktig for meg å bruke og ta vare på skriftspråket som byggjer på talemåla våre, og eg ønskjer å vere ein stolt representant for nynorsk i media, seier Ragna.

Mone Celin Skrede (25) frå Hareid på Sunnmøre er bachelor i journalistikk frå Høgskulen i Volda. Ho har arbeidd eitt år som journalist i lokalavisa Vikebladet Vestposten, der ho framleis er frilansar, og ho hadde praksis i Dag og Tid som ein del av utdanninga. Mone Celin har også studert engelsk språk og litteratur og media, IKT og design. Ho målar bilete og er engasjert i kunstlaget i heimbygda.

– Eg har skrive mange kultursaker. I Nynorsk avissenter ønskjer eg å bli betre på politikk og samfunn, og til å bruke digitale plattformer, seier Mone Celin.

Svein Olav Sæter (19) er frå Molde og avslutta vidaregåande skule i vår. Sist sommar arbeidde han for Leger Uten Grenser, der han banka på dørene til tusenvis av personar på Vestlandet, for å overtale dei til å teikne seg som faste gjevarar. Svein Olav var utvekslingsstudent i Québec i Canada skuleåret 2014-2015, og han er no frivillig medarbeidar for AFS Internasjonal Utveksling. Han er interessert i politikk, driv ei privat meme-side, er aktiv på Twitter og brukar sosiale medium i arbeidet for AFS. No ser han fram til å skrive nynorsk på heiltid.

– Eg har lenge hatt lyst til å lære nynorsk skikkeleg, ei målform som ligg nær talemålet mitt, seier Svein Olav.

Powered by Labrador CMS