Her set dei «noregsrekord i effektiv journalist-utdanning»! Og den er det rekordmange som vil ha

Nær hundre søkjarar ville til Førde for å lære avis, TV og radio på nynorsk. Seks månader med praksis og forelesingar skal gjere dei til journalister.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

- Som å ta ei flaske tran på styrten, seier Ivar Myklebust Longvastøl.

- Dette er Norges mest effektive opplæring i moderne avisjournalistikk. Det trur eg vi har dekking for å seie. Viss du samanliknar med ei bachelorutdanning på tre år og ser for deg at studentane skal drikke ei flaske tran på den tida ved å ta ei skei kvar morgon, så tek praktikantane våre heile flaska på styrten. Allereie første veka publiserer dei si første sak på nett eller papir i Noregs største nynorskavis, seier Longvastøl.

Han er dagleg leiar for Stiftinga Nynorsk avissenter i Førde, og Medier24 møtte Longvastøl under landsmøtet il Landslaget for lokalaviser i slutten av april.

Senteret vart etablert for to år sidan, i nært samarbeid med regionavisa Firda. Og målet: Gje unge og engasjerte nynorskbrukarar ein innfallsport til «ei lynkarriere» som journalist.

- Modellen for Nynorsk avissenter er effektiv: Fire månader med opplæring og praksis her i Førde og deretter to månader i ekstern praksis. Formålet til stiftinga er å rekruttere og bidra til nyskaping i medium som publiserer på nynorsk, understrekar Longvastøl.

Tett samarbeid med NRK

Nynorsk avissenter må ikkje forvekslast med NRK Nynorsk mediesenter, som er NRKs tiltak for å utdanne nynorsktalande journalistar til radio og TV.

Ei eventuell forveksling er likevel ikkje heilt gal: Begge held til i Førde, og då avisopplæringa vart etablert i 2013, var det i stor grad etter same modell som NRK har drive i ti år. Sentra samarbeider også tett.

- Vi har sendt frå oss 105 nynorskpraktikantar og er klare til å ta inn kull 23 til hausten, seier dagleg leiar Magni Øvrebotten om opplæringa på Nynorskmediesenter.no

To gonger i året kjem fire praktikantar til Nynorsk avissenter og fem til NRK Nynorsk mediesenter. Desse ni ser mykje til kvarandre.

- Dei har mange felles forelesingar, i språk, presseetikk og journalistisk metode. Og vi dreg vekslar på både NRK, Firda og Amedia, seier Longvastøl om opplæringa.

Set nye rekordar

I skrivande stund er vårens kull i ekstern praksis, i aviser som Sunnmørsposten, Jærbladet, Hordaland Folkeblad og Firda, og i ulike avdelingar og distriktskontor i NRK.

Neste kull er nettopp plukka ut, med kursstart i august. Der var det mange som vil vere med:

- Nynorsk avissenter fekk 33 søkjarar, og det er ny rekord for oss. NRK fekk heile 58 søkjarar, like bak tidlegare rekord, seier Longvastøl til Medier24.

  • SJÅ KVEN DEI er nedst i denne saken!

   

- Det er mange om få plassar. Kva ser de etter i dei komande journalistane?

- Det er viktig at det er ein person som har pågangsmot og den viljen som krevst for å bli journalist. Dei har gjerne ei anna utdanning og mykje kompetanse i botn, men dei treng ei journalistfagleg utdanning og praksis på toppen. Og så må dei evne å lære ting fort, jobbe hardt - og leve litt farlig når dei skal søkje jobb og gripe dei sjansane som byr seg, svarer Longvastøl.

Nynorsk i ei ny tid

Så skal vi ikkje gløyme det viktigaste: Søkjarane må ha eit svært bevisst forhold til nynorsk. 

- Dette er inga grunnopplæring i nynorsk. Vi ser etter dei som har eit ektefølt forhold til nynorsk og som synest at språket er viktig, seier Longvastøl.

- Kvifor er eiga opplæring for nynorsk-journalistar viktig?

- God nynorsk er avgjerande for å oppretthalde språket. Nynorsk i media er den «daglege» nynorsken, og det er viktig at nynorsk ikkje berre vert Jon Fosse og Olav H. Hauge. Sjølv om nynorsk framleis er eit robust språk, så er språket vårt pressa, mellom anna ved at mange går over til bokmål på vidaregåande skule og seinare, seier han.

Men slår samstundes fast:

- Vi har nesten 60 aviser som brukar nynorsk eller begge målformer. Tekstproduksjonen på nynorsk i desse avisene, på papir, tilsvarer tekstmengda til over 2000 bøker per år. Då er det avgjerande at journalistane som kjem inn og skal føre avisene over i ei ny tid, har rett kompetanse, seier Longvastøl,

Som ein liten og fersk aktør er det difor viktig for avissenteret å følge med i tida, lytte til bransjens behov og endre seg raskt.

- Vi gir tidleg opplæring i nye dataprogram, film og video. Dei lærer å bruke datastøtta journalistikk og verktøy som timeline og thing.link. Signal frå bransjen går på at nynorskaviser, som gjerne er små redaksjonar, heng litt igjen på den digitale utviklinga. Då er det viktig for oss at desse ungdommane skal kunne tilføre redaksjonane digital kompetanse, seier Longvastøl.

Neste frist til hausten

Og praktikantane - med norgesrekord i effektiv journalistutdanning - har så langt klart seg bra i ein pressa bransje, skal vi tru Ivar Myklebust Longvastøl:

Av dei 12 praktikantane som har avslutta opplæringa, har tre fått fast stilling og tre har lengre vikariat som journalistar. Tre er tilkallingsvikarar som journalist, kombinert med studiar. To jobbar i kommunikasjonsbransjen. Ein er forskingsassistent i Norsk Utenrikspolitisk Institutt.

Kull fire på avissenteret og nummer 22 frå NRK er no i ekstern praksis.

Til hausten byrjar kull fem og 23, og allereie i januar er det ein ny sjanse. Skal du søkje, har du litt tid å tenkje på: Begge sentra har faste søknadsfristar; 15. april for haustkullet og 15. oktober for vårkullet med start i januar.

Nynorsk Avissenter

  • Et opplærings- og kompetansesenter for aviser som brukar nynorsk. Senteret utdannar fire nynorskskrivende journalistpraktikanter kvart halvår. Held til i Førde.
  • Firda Media starta senteret hausten 2013 med støtte frå Vinjefondet, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, Sogn og Fjordane fylkeskommune og Amedia.
  • For 2015 har staten løyvt 2,2 millioner til drift og utvikling av Nynorsk avissenter. Amedia/Firda Media støttar drifta med 0,6 millioner.

NRK Nynorsk Mediesenter

  • Ei eiga avdeling av NRK, som held til i Førde og deler hus med NRK Sogn og Fjordane.
  • Føremålet med NRK Nynorsk mediesenter er å lære opp nynorskbrukande journalister for radio, fjernsyn og nett. Senteret tek inn to kull i året, med fem plassar på kvart.
  • Senteret starta i 2004, og vart opna den hausten av dåverande kulturminister Valgerd Svarstad Haugland. Sidan har senteret utdanna over 100 journalister, mange av desse er i dag kjende namn i både NRK og andre medium.

Dette er dei fire som får plass på Nynorsk avissenter i haust

Fire journalistpraktikantar får plass etter rekordsøknad til Nynorsk avissenter.

33 søkjarar. 24 kvinner og ni menn. 13 til intervju. Her er dei utvalde:

  • Erlend Nordland Kristiansen (24) frå Knarvik avsluttar i vår bachelorgrad i medievitskap ved Universitetet i Bergen. Han har prøvd journalistfaget som studiovert og reporter i Studentradioen, og han har praksis frå kommunikasjonsavdelinga i Studentsamskipnaden i Bergen. - Slik Bergen og bokmålet sluker strilane og omlandet, prøvde også eg å forlate nynorsken, men eg innsåg tabben og gjekk tilbake til språket mitt, skriv Erlend i søknaden. Han meiner at mange lokalaviser driv lite kritisk journalistikk, noko Erlend vil lære i Nynorsk avissenter.
  • Cecilie Brendehaug Rysjedal (26) frå Leirvik i Sogn er bachelor i medievitskap og i journalistikk frå Universitetet i Bergen våren 2015. Ho har vore programsjef og nyhendejournalist i Studentradioen og har praksis frå NRK Hordaland. Bacheloroppgåva er ein analyse av korleis NRK Hordaland brukar sosiale medium og Facebook spesielt. Cecilie er spesielt interessert i helse, sport og politikk. – Eg ønskjer å bli ein god nynorskbrukande nyhendeformidlar, og eg håper at eg ein dag kan hjelpe andre i jobben min som journalist, seier ho.
  • Emte Tafjord Ringstad (20) frå Stranda vart hekta på journalistikk då ho 14 år gammal fekk prøve seg som journalist i Storfjordnytt, i arbeidsveka på ungdomsskulen. Emte har nyleg avslutta eit år på Skjeberg folkehøgskole, på lina for radio- og TV-journalistikk og kulturjournalistikk. Ho kjem til Nynorsk avissenter for å få erfaring frå fleire saksfelt og lære korleis ein større redaksjon jobbar. – Eg vil vere ein av dei som står opp grytidleg om morgonen, reiser ut og møter alle moglege menneske og fortel deira forteljing, seier Emte.
  • Camilla Skjær Brugrand (22) frå Lærdal har allereie fartstid frå Sogn Avis og frå samfunnsredaksjonen i Bergens Tidende. Ho avsluttar no masterstudium i internasjonal journalistikk ved Brunel University i London, der ho også har fått ein smakebit frå livet i Financial Times og The Independent. Camilla ønskjer å lære korleis det norske rettssystemet fungerer og få erfaring frå rettsjournalistikk. Ho vil dessutan lære korleis avisene tilpassar seg den digitale kvardagen og det konstante presset for å halde lesarane oppdaterte. Ho lengtar tilbake til Vestlandet og språket sitt.
Powered by Labrador CMS