Kor vil NJ kutte for å finne denne halve millionen til Øgrim? Kva slags «heilskap» er det snakk om?

DEBATT: - Er det rett av NJ å – midt i eit budsjettår – leggje nesten ein halv million kroner på bordet til ein redaktør som frivillig takkar for seg?

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • JENS KIHL, klubbleder - på vegne av NJ-klubben i Klassekampen

Redaktør Helge Øgrim har gjennom mange år lagt ned ein stor innsats i og for Journalisten. No har han etter eige ønske valt å trekkje seg tilbake i ein alder av 66 år.

Ingenting er gale med det.

Det som bør vere emne for debatt, er etterlønsavtalen NJ no har gjeve han: Med på lasset får Øgrim eit halvt års etterløn «utan arbeidsplikt». Ifølgje Medier24.com, som fyrst omtalte saka, er det snakk om cirka 450.000 kroner.

For dei fleste i Klassekampen er dette nesten ei heil årsløn.

Forstår ikkje

Øgrim har rett til å forhandle med sin arbeidsgjevar, og dette er ikkje ein debatt om han, hans posisjon eller hans eventuelle krav.

Men er det rett av NJ å – midt i eit budsjettår – leggje nesten ein halv million kroner på bordet til ein redaktør som frivillig takkar for seg?

Hos våre medlemer blir dette ikkje forstått. Dei tilsette og ikkje minst redaktøren i Journalisten har eit lønsnivå NJ-medlemene i Klassekampen berre kan drøyme om.

Slik er det i mange andre NJ-klubbar over heile landet. Samstundes ser vi at NJ på felt etter felt må kutte ned, stramme inn og seie opp.

4 spørsmål

Pengane til denne avtalen tilsvarer om lag to års kontingentinntekt frå NJ-medlenene i Klassekampen. For å halde oppe den høge organisasjonsgraden på huset er vi heilt avhengige av å vise våre medlemer at deira medlemspengar blir brukt nøktern og fornuftig.

For eit og eit halvt år sidan kritiserte NJ-klubben i Klassekampen NJ-leiingas tur til Sicilia. Vi fekk aldri noko skikkeleg svar den gongen. Ettersom vi journalistar visstnok burde vere flinke til å stille presise spørsmål, prøver vi oss på nytt no:

  • Kor mykje kan NJ offentleggjere av avtalen med Øgrim?

  • Kvifor blir pengane til denne etterlønsavtalen tekne frå NJ og ikkje frå Journalisten?
  • 
Når NJ-leiar Thomas Spence forklarer avtalen med at det er ei «helhetsvurdering», kva slags heilskap er det då snakk om?

  • Kor vil NJ kutte for å finne denne halve millionen?

Vi ventar spent på svaret.

Powered by Labrador CMS