«Når eit helikopter frå Nordsjøen styrtar over Turøy, er det ikkje BT eller NRK som er først på staden. Det er TV 2»

DEBATT: - Det spelar ei viktig rolle for dekninga av nyheitsbildet at NRK held til på Marienlyst i Oslo, og vi har vårt hovedkontor på Nøstet i Bergen, skriver TV 2-redaktør Jan Ove Årsæther.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

TV 2s nyhets- og sportsredaktør Jan Ove Årsæther holdt dette innlegget under mediebransjens «innspillsmøte» hos kulturdepartementet fredag, med diskusjon om modell for kommersiell allmennkringkasting

Takk til statsråden for invitasjonen,

Som NRK-sjef Thor Gjermund Eriksen synes eg det er på sin plass å minne om at dette ikkje er eit innspelsmøte som handlar om vi framleis skal ha en kommersiell allmennkringkaster med nyhetsredaksjon og hovedkontor i Bergen, men korleis samfunnet skal sikre det vidareført, slik Stortinget har vedteke i mars.

> Du kan se opptak / strømming av innspillsmøtet på regjeringen.no

Våre konkurrentar vil sjølvsagt ha alle konkurransefordelar for seg sjølve. Strømme dopar reklamesalet gjennom å tilby bettingreklame i sine kanalar, medan avisredaktørane har nytt godt av milliardar i nullmoms.

Sidan 1992 har vår ambisjon vore å levere nyheiter til heile den norske befolkninga frå ein annan ståstad enn den statlige allmennkringkasteren.

Vi har formidla og vi ønsker å formidle det som skjer i Norge og i verda med andre kameralinser enn NRK.

For ved store hendingar er lineær tv framleis det primære mediet i befolkninga. Framleis ser snittsjåaren nesten tre timar på tv kvar dag. To av desse timane skjer på dei to allmennkringkastarane.

At det er viktig å ha eit tydeleg alternativ og ein utfordrar til NRK har vist seg en mange gonger dei siste åra. Vi utfyller kvarandre og konkurransen sørger for at det er en motivasjon både hos NRK og oss om alltid å forbetre oss og levere det sjåarane forventar.

Og det spelar ei viktig rolle for dekninga av nyheitsbildet at NRK held til på Marienlyst i Oslo, og vi i TV 2 har vårt hovedkontor på Nøstet i Bergen.

For når ei heil bygd i Sogn står i brann, er det Arill Riise og Morten Sandøy som gir deg nyheitene frå redaksjonen i Bergen. Ingen andre sendte direkte.

Når Paris er utsett for den verste terroren nokon gong, er det Sturla Dyregrov som gir deg nyheitene frå utenriksredaksjonen i Bergen, medan alle andre kanalar gjorde andre prioriteringar.

Når eit av verdas viktigaste valg skal gjerast i USA, leverer TV 2 dette med ansikt og ekspertise frå Bergen. TV 2 sine ekspertar på svært mange områder er frå vestlandet og får ein plass i studio i Bergen som andre mediehus aldri har gitt dei før.

Når eit helikopter frå Nordsjøen styrtar over Turøy, er det ikkje Bergens Tidende eller NRK som er først på plass med reporter på staden. Men det er TV 2.

Det er ikkje mange kommersielle kanalar som tek seg råd til å halde seg med ein nyheitskanal. Normalt er det statskringkastarar som BBC og France 24 som gjer det. Men i Norge er det TV 2 som har landets einaste nyheitskanal med daglege debattar om politikk og samfunn, med stemmer frå heile forskningsmiljøet og utdanningsmiljøet på vestlandet.

Det er flott med Bergens Tidende og NRK Hordaland, men dei to tilsaman når ikkje TV 2 til anklane når det kjem til dekning og oppslutning, verken i tradisjonelle eller digitale medier.

Denne linja held vi fram med, trass i at vi akkurat no går gjennom ein sterk reduksjon i bemanninga, så har vi ikkje redusert meir i Bergen enn i Oslo.

Vi står framleis klare for å vere kommersiell allmenkringkastar frå Vestlandet.

Direkte og indirekte har TV 2s sitt hovedkontor i Bergen gitt hundrevis av medie- og teknologiarbeidsplassar, og dermed også utvikla ny kompetanse.

Fleire av dei fire teknologiselskapa som er født i TV 2, er verdsleiande på sine marked. Det er også mediemangfald.

Fleire studiar peiker også på at det spelar ei rolle, det er faktisk heilt avgjerande, kvar i sendeskjemaet ein plasserer nyheiter og aktualitetsinnholdet. Kombinasjonen av smale og breie program, blandinga av underhaldande og informerande innhald har alltid vore ein kjerneverdi for allmennkringkasting. Nøyaktig det same ser ein hos NRK.

I si delutredning om kommersiell allmennkringkasting skriv Mediemangfoldsutvalget at veksten i tv-kanalar uten nyheiter og aktualitet gir fleire mulegheiter for sjåarane til å unngå å bli eksponert for dette innhaldet.

Effekten blir då at dei som i utgangspunktet har lav interesse for nyheiter bruker nettopp den  mulegheita til å unngå det. Det resulterer i auka skilnader i kunnskap og orientering mot offentlegheita. Forskning understrekar kor viktig det er at allmennkringkastarar tilbyr nyheiter i beste sendetid.

Det gjer TV 2.

Norsk innhald og norsk journalistikk er under enormt press. I Norge har vi hatt ein aktiv mediepolitikk, med tiltak som har hatt svært sterk effekt, som til dømes nullmomsen for avisene. Eit anna slikt politisk instrument er kommersiell allmennkringkasting.

Eg vil sitere professor Helle Sjøvåg som hevdar at nettopp i ei slik tid vi er inne i med sterk fragmentering og amerikanisering av innhaldet, er nettopp kommersiell kringkasting kanskje det aller viktigaste politiske verkemiddelet.

Dette verkemiddelet er avgjerande for kva slags norsk innhald som faktisk vert laga.

Kva er det største trusselen mot dette?

Det er globale aktørar som konkurrerer på heilt andre vilkår enn oss. Dette handlar mellom anna om bettingreklame, amerikanisering av innhaldet og ingen skatt.

Alle er samde om vi har alvorlige bransjeutfordringer. Derfor må både TV 2 og dei andre mediehusa ta ansvar for å endre seg.

Alle vi som er her i dag har sjølv teke ansvar for framleis sikre effektiv drift i eige hus. Sjølv om TV 2 no går gjennom store kutt har vi valgt fortsatt å være posisjonert for å søke på eit oppdrag som kommersiell allmennkringkastar.

Eit mangfald av medier har vore eit resultat av mangfald av politiske tiltak.

Det er vi positive til, sjølv om dei ikkje nødvendigvis ikkje gagnar TV 2. I 25 år har vi konkurrert med mediehus med store nullmomsfordelar.

Å sikre eitt område, treng ikkje truge noko anna.

Med det som bakteppe meiner vi heller ikkje ein kompensasjon for store meirkostnader ved å påta seg eit oppdrag er konkurransevridande.

Vi har lova full transparens overfor Kulturdepartementet.

Det betyr at ein kompensasjon ikkje vil kunne gå til eigarar som utbytte eller til andre delar av vår verksemd. Kompensasjonen skal gå til det formålet den er tiltenkt.

Historia har vist oss at det ikkje lenger er lønsamt å drive med nyheter på kommersielt tv.

Sjå på på TV4 i Sverige som har lagt ned sin nyheitskanal og har redusert si satsing på nyheiter dramatisk. TV Norge la ned sine nyheiter, berre veker etter at ny sjef overtok.

Og vi veit at ingen søkte på utlysinga av ny avtale med staten om kommersiell kringkasting utan kompensasjon.

I tida som kjem er eg sikker på ein ting.

Politikarane vil trenge mange verktøy i kassa. Det er nemleg eit paradoks at verktøya var sterkare i mange tiår med total skjerming av norske medier.

For dette handlar ikkje berre om nyheiter. Det handlar om norsk språk og norsk kultur, det handlar om lokalt og nasjonalt demokrati, det handlar om samtale og ordskifte.

Kort sagt, det handlar om norskprodusert journalistikk og innhald.

Vi er klare for å gjere vårt for å sikre alt dette.

Powered by Labrador CMS