Adm. direktør Kjersti Løken Stavrum i Stiftelsen Tinius. (Arkivfoto: Gard L. Michalsen)

NJ bør forklare korleis ein kom fram til at Kjersti Løken Stavrum kan ha dobbeltrollen

DEBATT: - Er det evna eller viljen til prinsipiell tenking det skortar på i styret til Norsk Presseforbund?

  • VIDAR YSTAD, NJ-medlem sidan 1975

Det er nyleg blitt kjent at generalsekretæren i Presseforbundet, Kjersti Løken Stavrum, er vald til styremedlem i Tinius-stiftelsen, som forvaltar den største aksjeposten i mediekonsernet Schibsted.


Gjennom nettstaden Medier24 er det blitt kjent at styret i Norsk Presseforbund ikkje har nokon motførestillingar mot at generalsekretæren inntek ein slik posisjon.

LES MER:

Styreleiaren i Tinius-stiftelsen er Ole Jacob Sunde. Han er også styreleiar i Schibsted ASA.

Eg legg til grunn at Tinius-stiftelsen har til oppgåve å ta vare på og fremje Schibsted sine interesser.

Kan ein då legge til grunn at Schibsted sine interesser alltid vil vere samanfallande med norsk presse og Norsk Presseforbund sine interesser?

Eg er ikkje overtydd om det, og eg stiller meg spørsmålet:

Er det evna eller viljen til prinsipiell tenking det skortar på i styret til Norsk Presseforbund?

Kan styreleiar Gunnar Kvassheim gjere greie for drøftingane og vurderingane i NP og kva slags prosess ein har hatt i denne saka?

Og kva meiner leiinga i Norsk Journalistlag om slike konstellasjonar?

Til toppen