Stopp støtta til nynorsk-diskriminerande riksaviser

KRONIKK: Det er på høg tid at staten set i verk tiltak for å gjera slutt på forboda riksaviser har mot nynorsk.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Teksten er først publisert på Vox Publica

I 2015 var ver­dien av moms­fri­ta­ket for aviser iføl­gje Finans­de­par­te­men­tet 1,5 mil­li­ar­dar kro­ner. Moms­fri­ta­ket er grunn­gjeve med eit ønskje om å støtta ytrings­fri­dom og norsk språk.

I 2009 gjekk like­vel over ein fem­te­del av den indi­rekte presse­støtta i lomma på nynorsk­dis­kri­mi­ne­rande VG, som har redak­sjo­nelt for­bod mot nynorsk.

Denne sum­men utgjer om lag det same belø­pet som den samla direkte presse­støtta, pro­duk­sjons­til­sko­tet, som går til 149 aviser. I 2015 var denne støtta på 303 mil­lio­nar.

Det er merk­ver­dig at riks­avi­ser som kneb­lar sine jour­na­lis­tar og steng ute eit av to jam­stilte norske skrift­språk, skal støt­tast med slike sum­mar når dei open­bart ikkje lev opp til for­ven­tin­gane som ligg til grunn for fritaket.

Det nyt­tar ikkje å kasta om seg med språk­po­li­tiske mål og ønske om å styrkja nynorsk. Om media ikkje vil sjå sitt språk­lege ansvar sjølv, må sta­ten komma med tiltak.

Nyting utan yting

I 2009 fekk dåve­rande styre­med­lem i Språk­rå­det, Tor Fugle­vik, pub­li­sert debatt­inn­leg­get Stats­støt­tet dis­kri­mi­ne­ring i Dagens Nærings­liv, ei av riks­avi­sene som steng ute nynors­ken.

Han ville at Stor­tin­get skulle nytta hand­sa­minga av stor­tings­mel­dinga Mål og mei­ning til å ta eit opp­gjer med dis­kri­mi­ne­ringa som Syl­fest Lom­heim har omtalt som ei «insti­tu­sjo­na­li­sert dis­kri­mi­ne­ring av eit språk som alle­reie står svakt.»

Dis­kri­mi­ne­ringa i riks­me­dia er sær­leg pro­ble­ma­tisk, like­vel er det riks­avi­sene VG, Aften­pos­ten, Dag­bla­det og Dagens Nærings­liv som tener mest på moms­fri­ta­ket.

Alle for­byr nynorsk på redak­sjo­nell plass, og vel slik å nyta utan å yta.

VG har i til­legg fått merk­semd for å gje att eit Frode Grytten-dikt på bok­mål, og Aften­pos­ten har fått merk­semd for å omse­tja nynorsk-tekstar frå sine sam­ar­beids­avi­ser til bok­mål, til dømes inter­vju med Jon Fosse.

Desse avi­sene driv altså eit aktivt arbeid mot nynorsk, til trass for at ein burde venta det mot­sette så lenge dei nyt godt av moms­fri­ta­ket.

At ei støtte som er til for å styr­kja ytrings­fri­do­men og skrift­språka våre finan­sie­rer omset­jing frå nynorsk til bok­mål, gjer det tyde­leg at moms­fri­ta­ket òg kan gå mot si hensikt.

Hand­ling må til

I Soria Moria-erklæringa frå 2005 blei dei raud­grøne regje­rings­par­tia samde om at sta­ten måtte ta ansvar for å leg­gja til rette for meir like­ver­dige vil­kår mel­lom dei norske skrift­språka.

Ein blei òg samd om at ein poli­tikk som er tufta på eit opp­rik­tig ønskje om å sikra levande norsk skrift­kul­tur, må omfatta til­tak som er sær­leg inn­retta på å støtta nynorsk språk.

I Språk­rå­det sin rap­port Norsk i hundre! er det skrive at sta­ten ved å støtta media, òg må kunna stilla språk­lege krav om bruk av nynorsk.

Men i Mål og mei­ning, som byg­gjer på Soria Moria-erklæringa og Språk­rå­det sin rap­port, la depar­te­men­tet berre fram at dei «ven­tar at riks­dek­kjande aviser i større grad gjev høve til å nytta nynorsk på redak­sjo­nell plass».

I den same mel­dinga er det fast­sett eit behov for eit meir heil­hjarta og sys­te­ma­tisk arbeid for å styr­kja nynorsk. Men vil­jen til å gjera noko for å føl­gja opp dette beho­vet, er frå­ve­rande. Det er ikkje nok å venta, det har òg regje­ringa fast­sett, og ein kan spørja seg kor det blir av tiltaka.

Sta­ten støt­tar vond sirkel

Sta­ten greier ikkje ein­gong å føl­gja opp Grunn­lova slik støtte­ord­nin­gane er i dag. I § 100 står det at «Dei stat­lege sty­res­mak­tene skal leg­gje til rette for eit ope og opp­lyst offent­leg ord­skifte».

Men ved å støtta riks­avi­ser som nek­tar jour­na­lis­tane sine å nytta nynorsk, støt­tar sta­ten sna­rare ein vond sir­kel som bidrar til dår­lege hald­nin­gar til nynorsk, og til usik­ker­heit kring eige språk. Det sist­nemnte gjeld sær­leg unge nynorsk­bru­ka­rar som gjerne går over til bok­mål etter kvart som dei blir eldre, men òg andre mål­folk har behov for å møta eige språk.

Språk­rå­det skriv i sin rap­port at ein ikkje må under­vur­dera masse­me­dia si bety­ding som arena for fram­vi­sing av språk og språk sin sta­tus. Her blir det òg peika på at språk­bru­ken i media påver­kar folk sine språk­va­nar, og at ute­sten­ging av nynorsk frå riks­avi­ser har nega­tive verk­na­dar på den offent­lege sam­tala på norsk.

Etter­som sam­funns­ut­vik­linga ten­de­rer til å redu­sera opp­slut­ninga kring det minst brukte språ­ket, er eit høgt tal på nynorsk­bru­ka­rar eit vik­tig grunn­lag for å styr­kja posi­sjo­nen til nynorsk.

Det er difor vik­tig med til­tak som kan leg­gja til rette for at så mange som råd kan og vil nytta nynorsk. Eit til­tak som går ut på å stoppa støtta til nynorsk­dis­kri­mi­ne­rande riks­avi­ser ville verka posi­tivt med tanke på rekrut­te­ring av nynorsk­bru­ka­rar.

Sam­stun­des ville til­ta­ket verka pro­ak­tivt med tanke på å mot­verka usik­ker­heit kring eige språk, og utvik­linga av dår­lege hald­nin­gar til nynorsk, som bidrar til det først­nemnte. Slik ville til­ta­ket igjen gjort det offent­lege ord­skif­tet både meir ope og opplyst.

Eit språk som riks­avi­sene skjøner

Det står mykje for­nuf­tig i Norsk i hundre! og Mål og mei­ning, men i sist­nemnte er det ikkje lagt fram for­slag om kutt av støtte til nynorsk­dis­kri­mi­ne­rande riks­avi­ser.

No må sta­ten visa at det mei­nast alvor med språk­po­li­tik­ken. Ein kan ikkje ausa ut fleire hundre­tals mil­lio­nar kro­ner til riks­avi­ser som kneb­lar jour­na­lis­tane sine, og som ikkje bidrar til å styr­kja norsk språk, for­stått som både bok­mål og nynorsk.

Noko av det som ligg til grunn for moms­fri­ta­ket er trass alt at media skal bidra til å styr­kja desse skriftspråka.

Det å stoppa støtta til riks­avi­ser som steng ute nynorsk vil hel­ler ikkje vera eit inn­grep i den redak­sjo­nelle fri­do­men til pressa, som enkelte hev­dar.

Om det ikkje hadde vore for øns­ket om å styrkja ytrings­fri­do­men og det norske språk, så ville ikkje aviser hatt moms­fri­tak, så eit krav om mot­yting bør ikkje vera så kon­tro­ver­si­elt.

Til­ta­ket vil såleis berre vera eit inn­grep i støtte­ord­nin­gane til pressa, ikkje i deira redak­sjo­nelle fri­dom. Eg mei­ner ikkje at sta­ten skal tvinga moms­fri­ta­ket på riks­avi­sene.

Til­ta­ket vil verka opp­mo­dande, det hand­lar berre om å nytta eit språk som riks­avi­sene skjøner.

Powered by Labrador CMS