Tomas Bruvik svarer i «papir-debatten»: - Vi er ikkje digitale sinker

REPLIKK: - Nok ein gong vrir og vender du på fakta, skriv Kvinnheringen-redaktøren.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • TOMAS BRUVIK, redaktør og daglig leder i lokalavisa Kvinnheringen

LES MER og tidligere innlegg i denne debatten:

Kjære Gard, 

Eg er glad for at du er glad i lokalavisene, men nok ein gong vrir og vender du på fakta, og prøver å få meg og Kvinnheringen til å vera digitale sinker.

Denne gongen skal eg fatta meg kort. Eg reknar med du har lest heile avisa mi digitalt. Det reknar du tydelegvis ikkje som ein del av vårt digitale tilbod, det gjer eg. 

Elles er fakta og at vi er ei av avisene som har om lag like mange lesarar som VG på nett i vår kommune. (ei litt eldre undersøking). Om du ikkje er nøgd med mine lesartal lokalt på nett, så er eg relativt godt nøgd med besøket.

Du nyttar TNS-Gallup sine tal, for vår del er ikkje det fakta. Vi har om lag 5000 unike brukarar på desktop og mobil, tusen meir enn det du hevdar. Kanskje er det litt mindre no om sommaren, då vi har noko færre nyhende på nett og færre papirutgåver (Noko du truleg vil applaudera).

Snittet på 5000 brukarar om dagen i ein kommune med 4500 husstandar, tykkjer eg er relativt bra, sjølv om du ikkje er nøgd med det.

Men det kan bli betre, og som du nemner, vi kan bli mykje betre på nett, og det kan vi og på papir. Dessutan kjem det snart ei tid der vi vil ta betalt på nett, og det tykkjer eg er bra. Journalistikk bør ikkje vera gratis, og norske aviser har i lang tid vore alt for hyggelege, og gitt vekk nyhende gratis på nett.

At du ikkje finn bilete og saker frå alle arrangement på vår nettavis er ein heilt bevisst strategi. (Sjølv om du tykkjer den er heilt bak mål, vi burde jo gitt vekk alt vi har gratis).

Eg meiner ein del av vårt innhald skal vera eksklusivt for våre lesarar som betalar for produktet vårt, og noko for dei som ikkje betalar for vårt produkt, på Kvinnheringen.no.

Sidan du skriv om elendige annonsetal for papiravisene i første halvår så kan eg kort nemna at våre halvårstal syner ein vekst både på papirannonser og digitalt.

Når det er sagt så blir det heile tida hevda at det er ufatteleg viktig å ta den digitale posisjonen no. Den meiner eg vi har lokalt, samstundes treng det ikkje ta lang veldig lang tid å byggja ein posisjon på nett, det kan kanskje du skriva under på. Det er ikkje lenge sidan Medier24.com starta opp, og du har alt no ein solid digital posisjon.

Det handlar om å vera god, og så er det jo nok ein gong, det å få pengane til å følgja med. Det får eg håpa dei gjer hos oss, og hos deg.

No har eg brukt nok av ferien min til å debattera ei sak som hadde eit anna utganspunkt, og set med dette strek frå mi side.

Powered by Labrador CMS