(Illustrasjonsfoto: Chad Kirchoff / Unsplash.com)

Har musikkomtaler ein verdi for publikum om det kun er uforståeleg språklege bilete som kunne kome rett frå ein svadagenerator?

MEDIEKRITIKK: Og er musikkanmeldelsar blitt ein pompøs arena kun for musikkeliten? Det kan verke slik på stadig fleire tekstar frå norske medier.

Ein ukultur har breidd om seg blant landets musikkanmeldarar.

Ein pompøs, pretensiøs og parodisk ukultur.

La meg presentere eit par sitat frå nokre av landets musikkredaksjonar for å illustrere.

Hannah Kolås

Hannah Kolås, frilansjournalist og tilsett i Norsk Målungdom.

Nyleg ferdig med ein bachelor i journalistikk ved Mediehøgskolen Gimlekollen. [/box]

For eit par veker sidan resulterte stjernesamarbeidet mellom The Weeknd og Daft Punk i bangeren «Starboy».

P3s anmeldar vel å ordleggje seg på følgjande måte i ingressen:

The Weeknd møter Daft Punk i en effektiv meditasjon over glamourlivets skimrende tomhet.

Hæ?

Prøver igjen.

The Weeknd møter Daft Punk i en effektiv meditasjon over glamourlivets skimrende tomhet.

Igjen: Hæ?!

Eg kan lese den ingressen tre gonger, og framleis vere usikker på om det som står der er positivt eller negativt.

Nytt døme. Denne gongen frå Dagbladet, om det norske stjerneskotet Astrid S:

Den luftige, blåøyde særegenheten er et skarpt våpen for å trenge gjennom den slimete hinnen av popmusikk, både her hjemme og internasjonalt.

Så lenge eg ikkje ligg på eit operasjonsbord vil eg ikkje høyre eit ord om ei slimete hinne. Endå mindre når eg er på jakt etter musikalsk input.

(Faksimiler).
(Faksimiler).

Som oppgulp frå ein svadagenerator

La meg berre presisere:

Eg har aldri arbeidd som musikkanmeldar før, og har dermed ingen erfaringar frå området eller sjargongen som blir brukt.

Men som forbrukar forventar eg å få presentert ein tekst som i det minste er forståeleg, og som eg får eit visst utbytte av.

Som journalist forventar eg at mine bransjekolleger hostar opp noko anna enn noko som høyrest ut som det kjem direkte frå ein svadagenerator.

Men det er ikkje kun det til tider pompøse språket ein kan stille spørsmål ved. Tidvis verkar det som om enkelte musikkanmeldarar gjer sport i å mislike musikk som ”alle” andre likar, og som åpenbart er av bra kvalitet.

Som ein slags trassig tenåring som berre må ha andre meiningar for å skilje seg ut.

Til dømes trilla VG sin anmeldar terningkast 3 på terningen for Adele sin gigahit «Hello».

Eg vil gå så langt som å seie at det er på grensa til absurd, og vedkomande må anten ha bomull stappa i øyra eller ein vesentleg kunnskapsmangel når det kjem til musikk.

Blant anmeldarane som hylla låta var Dagbladet, som for øvrig gav låta ein seksar.

Det er opplagt at vi menneske er utstyrt med subjektive meiningar, og sjølvsagt skal og må ein musikkanmeldar ta dette i bruk i arbeidet sitt.

Men dette er likevel ikkje arenaen for å proklamere at ein skiljer seg ut. Om kritikken kun baserer seg på ein person si subjektive meining, så har den heller ikkje nokon stor verdi for publikum.

Er musikkjournalistikk blitt overflødig?

Til samanlikning har vi veldig mange gode filmanmeldarar i landet, som lagar informativ og underhaldande journalistikk som faktisk er til nytte for forbrukaren.

P3s Filmpolitiet er eit døme på brilliant journalistikk på området.

Kvifor må då så mange musikkanmeldarar formulere seg på ein slik overdådig og uklar måte, og lage eit produkt som publikum til sjuande og sist ikkje har noko særleg nytte av?

Ein kan stille spørsmål ved kven det er dei eigentleg skriv for, då det nokre gonger virkar som om det heile er ein intern debatt musikkeliten seg i mellom.

Hovudoppgåva deira er vel trass i alt å bruke si faglege tyngde til å leie forbrukarane gjennom jungelen av ny musikk, men dette oppdraget druknar nokre gonger i ein haug uforståelege metaforar og subjektive meiningar.

Det vil gagne både forbrukaren og ein samla musikkbransje at dei som er utpeikt til å vere musikkens opinionsleiarar utfører arbeidet sitt på ein verdig måte.

Om ikkje er musikkanmeldingar rett og slett blitt overflødige i journalistikken.

Svidd plast for nær sola?

Bransjenettstaden Ballade.no spurte i 2007 fleire norske musikkanmeldarar kva ein god musikkomtale burde bestå av.

Noko av det som blir trekt fram er mellom anna at omtalen skal vere underhaldande, leseverdig og ha ein personleg stil.

Språket meiner dei skal vere godt, tydeleg og konkret.

Det kan verke som om det er når «personleg stil» og godt språk kombinerast at det kan gå frykteleg gale.

Som når DNs journalist i Magasinet ikkje er heilt nøgd med det nye albumet til Highasakite:

«Kites are fun», sang det avanserte popbandet The Free Design i 1967. Men det er ikke mye harmløs moro å spore på Highasakites tredje album, en plate som er planlagt å skulle ta bandet enda et stykke lenger opp på pophimmelen, nærmere solen, så man kan kjenne den foruroligende lukten av suksess blandet med svidd plast.

Svidd plast?

Eg må for øvrig lese den siste setninga i etapper for å ikkje ende opp med pusteproblemer til slutt.

Når det er sagt:

Det er ingen tvil om at det finst svært mange dyktige musikkjournalistar her til lands, som attpåtil leverer varene utan at det går på bekostning av presentasjonen.

La oss ta eit døme på kreativ og underhaldande musikkjournalistikk som ikkje blir uforståeleg. Denne gangen er det VG sin anmeldar som ikkje er vidare imponert over debutalbumet til Kygo.

Det blir det moro ingress av:

Alle disse låtene som kom og gikk, ikke visste jeg at det var selve albumet.

Påfølgande ein godt forklart og begrunna anmeldelse av albumet.

Meir av det, takk.

Moralen blir altså:

Om ikkje det eventuelle potensialet til musikken synleggjerast på annan måte enn i ein støvsky av uforståelege språklege bilete, mistar ein den forutsette kunnskapen som personen skal formidle som del av eit musikkunivers på tvers av nasjonen.

Eller noko i den dur.

LES FLERE mediekritiske tekster og kommentarer på Medier24

Det er 131 år sidan jamstillingsvedtaket. Men nynorsk ser framleis ut til å vere forbode i norsk rikspresse

Halvparten av det mediehusa deler på Facebook er på sida av samfunnsoppdraget. Og kvar fjerde deling er ei «klikksak»

[box] MEDIEKRITIKK PÅ MEDIER24: Medier24.com vil våren og sommeren 2016 presentere en ny spalte og etter hvert en håndfull spaltister som bidrar med mediekritiske tekster og analyser.

Inntil videre som et tidsbegrenset prosjekt. Spalten er støttet med tilskudd fra Fritt Ord.

Til toppen