ELISABETH BERG HASS og JONN KARL SÆTRE, Kvinnheringen.

HJ-prisene: Dobbelt opp til Kvinnheringen, Elisabeth og Jonn Karl for ME-reportasjer

Lokalavisa stakk av med begge hovedprisene i Haugesund - for samme sak.

Kvinnheringen er vant til å vinne priser, og stakk i helga av med begge hovedprisene fra Haugesund journalistlag for 2015 - for både journalistikk og foto. Og dette for samme reportasje!

Journalist Elisabeth Berg Hass (Kvinnheringen) fikk 1.-plass i journalistpriskategorien.

Dette for en reportasje om ME-pasienter, som juryen sier følgende om:

Norsk presse har lang tradisjon for å stå opp for enkeltmenneske som må kjempa mot overmakta. Denne rolla blir ekstra viktig å fylla når nokon er sjuke eller ligg nede. Prisvinnaren har teke på seg denne viktige rolla og fyller ho på ein framifrå måte. Lesarane får eit sterkt, nært og personleg møte med ein av dei hardast råka ME-pasientane i landet, ein pasient som ikkje får den hjelpa frå samfunnet som han og familien har trong for.

Prisvinnaren får fram fakta kring ein myteomspunnen sjukdom og avslørar at samfunnet korkje gjennom medisinsk ekspertise eller gjennom sosial omsorg kan tilby god nok hjelp. Samtidig viser lokalavisa sin sterke posisjon i samfunnet ved å invitera makta inn og få til ei endring til beste for dei svake. Dette peikar samtidig framover til beste for fleire som kan koma i liknande situasjon.

Saka er presentert i avisa i fleire artiklar gjennom nær eitt år. Redaksjonen har såleis vist tolmod og vore uthaldande. Presentasjonen er fin grafisk med gode faktaelement ved sida av tekst som gir nærleik og personleg engasjement. Når det heile blir toppa med eit særs talande foto av den sengeliggjande pasienten som lever og lir i stummande mørke, blir dette årets vinnar.

Ein liten redaksjon kan gjera stor skilnad, og journalistprisen 2015 går til Elisabeth Berg Hass i Kvinnheringen for sakene om ME-sjuke Eirik Aksnes og mora Anne Kari Rørheim sin kamp for sonen.

Vinnerbildet! (Foto: Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen)
Vinnerbildet! (Foto: Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen) Foto: Jonn Karl Sætre, Kvinnheringen

Når det gjelder foto, er det Jonn Karl Sætre (journalist og fotograf i Kvinnheringen) som går til topps. Dette for bildene til nevnte reportasje, av ME-pasient Eirik André Aksnes, som ligger på et mørklagt og lydisolert rom 24 timer i døgnet.

Dette skriver juryen om vinnerbildet:

På ein respektfull og enkel måte gjev fotografen oss innblikk i ein sårbar kvardag som er ukjend for dei fleste av oss. Lyssettinga dreg merksemda inn i biletet og gjer oss nysgjerrige på historia. Dette er godt journalistisk handverk.

Til toppen