Dagbladet om framtida til papiravisa: – Me jobbar med ulike scenario
Fleire år etter at papirutfasingsarbeidet «Prosjekt P» vart lansert, seier sjefredaktør Alexandra Beverfjord i Dagbladet at papirutgåva stadig er ei løpande vurdering.
Denne artikkelen er over to år gammel.
Ferske rekneskapstal viser at Dagbladet svekkja resultatet før skatt ned frå 65,5 millionar kroner i 2016/2017 til 55,8 millionar kroner i 2017/2018.
I notane kjem det fram at annonsesalet gjekk ned frå 362,7 millionar kroner i 2017 til 297 millionar kroner i 2018. Det er ein nedgang på 65 millionar kroner – men deler av det skuldast at Dagbladet Pluss vart skilt ut som eige selskap for to år sidan.
– Me er veldig nøgd med resultatet. Omsetnaden er ganske bra i denne marknaden. Heile marknaden er nedadgåande når det gjeld papir, og me jobbar for å kompensere digitalt, seier sjefredaktør Alexandra Beverfjord i Dagbladet til Medier24.
– Me investerer betydeleg i det digitale – på Dagbladet Pluss og web-tv – for å sikre vidare vekst, held ho fram.
Ettersom 2016/2017-resultatet til Dagbladet inkluderte Dagbladet Pluss, er inntektene i realiteten langt jamnare, med ein differanse på knappe to millionar kroner. Dagbladet har avvikande rekneskapsår, som betyr at resultatet er frå 1. oktober til 30. september.
| Dagbladet | 2018 | 2017 | Endring |
| Omsetning | 589,8 mill. | 633,4 mill. | -6.9% |
| Driftsresultat | 69,5 mill. | 79,3 mill. | -12.4% |
| Resultat før skatt | 55,8 mill. | 65,5 mill. | -14.7% |
| Driftsmargin | 11.8 % | 12.5 % | -5.9% |
| Dagbladet Pluss | 2018 | 2017 | Endring |
| Omsetning | 41,6 mill. | 0 | |
| Driftsresultat | -14,7 mill. | -47,8 mill. | 30744.7 % |
| Resultat før skatt | -14,7 mill. | -47,8 mill. | 30774.4 % |
| Driftsmargin | -35.5% |
«Hovedårsaken til endring i resultat er fall i løssalgsinntekter», står det i årsmeldinga.
– Marknaden for medier generelt har ein nedgang i annonsar viser mediestatistikken. Dagbladet leverer betre enn marknaden i 2019, seier Beverfjord til Medier24.
Ikkje lønsamt med web-tv enno
Avisa har satsa hardt på web-tv i det siste, og har nyleg tilsett seks personar. No søkjer dei i tillegg fire nye til sportssatsinga.
– Korleis er annonseomsetnaden på web-tv?
– Det har gått over vår forventning.
– Er det lønsamt allereie?
– Nei, det vil eg ikkje seie at det er.
Beverfjord seier at stadig fleire ynskjer å bruke web-tv som ein naturleg del av oppdateringane deira, og at dei har oppnådd ein kjempevekst og dobling av talet på web-tv-sjåarar dei siste månadane.
Kraftig abonnementsauke
Dagbladet Pluss har sitt første heile driftsår som sjølvstendig selskap, og går stadig i minus etter store investeringar på mellom anna tekniske løysingar. Ifølgje Beverfjord har dei gått frå 55.000 abonnentar til 86.000 abonnentar dei siste åra.
– Dagbladet Pluss er enno ikkje lønsamt?
– Nei. Dette er nybrottsarbeid med rein digital brukarbetaling. Me er veldig glad for den forrykande veksten blant brukarane, og at me har auka med 30.000 abonnentar på eit år.
– Er det mykje rabattert?
– Me jobbar, som alle andre aviser, med pristilbod til kundane våre.
I vinter vart det kjent at Dagbladet har bestemt seg for å søke pressestøtte i 2019, etter å ha skilt ut Dagbladet Pluss for å rigge seg for støtteordninga. Medieforskar Jens Barland har uttalt seg kritisk til manøveren, som han meiner liknar ein konstruert modell dei ikkje bør få utteljing for.
Beverfjord ynskjer ikkje å kommentere søknaden på noverande tidspunkt.
Løyndomsfull
I årevis har Dagbladet vore opne om at papiravisa har avgrensa levetid, og at avisa på sikt kjem til å kutte ut avisa i vekedagane. Prosjektet, som vert kalla «Prosjekt P», verkar stadig å bli sett på vent. No vurderer dei likevel å kutte i frekvens igjen.
– Kor lenge har Dagbladets papiravis livets rett?
– Dagbladet har tidlegare sagt ein såg føre oss ei nedlegging av papiravisa første kvartal 2018. Men utviklinga vart betre enn venta. Likevel: Papiravisa er eit produkt som nærmar seg slutten av sin livssyklus. Det er ei løpande vurdering kor lenge me held på med det, seier Beverfjord.
– Er ein nærare papirstopp no enn for eitt år sidan?
– Det vil eg helst ikkje seie så mykje om. Me jobbar med ulike scenario når det gjeld papiravisa.
– Kan det bli frekvenskutt?
– Det er noko me har vurdert, ja.
– Kor langt har de kome i dei vurderingane?
– Eg har ikkje noko konkret å gi.