Astrid Dalehaug Norheim i julete omgivelser, slik en julespalte skal se ut.

Julepraten:

Rød eller brun julebrus: – Der er eg fullstendig fargeblind

Reportasjeleder ved SUJO, Astrid Dalehaug Norheim møter mange folk i løpet av et år. «Når eg tilfeldig treff nokon, kan eg bli veldig glad, men rett etterpå tenkjer eg: Kven var det igjen...? Så eg må lære meg å kople ansikt og namn på ein blunk».

Publisert

Medier24 fortsetter å stille en rekke julete spørsmål til folk i media i spalten Julepraten.

Dagens gjest i spalta er reportasjeleder ved SUJO, Astrid Dalehaug Norheim.

– Hva gjør du i jula?

– Feirer med mann og born i Sandnes, der mannen min kjem frå. Det blir julegudsteneste, tur med hunden Ben i vind og regn og opptil fleire familiemiddagar. Deretter reiser vi heim til Bergen, der vi ikkje har slekt. Då rydder vi stovebordet og inviterer til brettspelkveld.

– Skal julebrusen være rød eller brun?

– Der er eg fullstendig fargeblind. Julebrus er julebrus og blir drukken frå starten av desember.

– Hva var det morsomste / pinligste som skjedde i 2023?

– Det morsomaste er alltid å møte menneske. Det er like kjekt kvar gong å stå i døra og ynskje journalistar velkomne til masterstudier. Eit høgdepunkt i år var å kome til Ságat i Lakselv og bli invitert med rett inn på lunsj rundt eit langbord på kjøken i redaksjonen. Det var som å vere på slektstreff med folk eg aldri hadde møtt før.

– Du må være med i et realityprogram. Hvilket velger du og hvorfor?

– Helst 71 grader nord i skikkelig light-versjon med korte fjellturar i bratte fjell. Men viss eg måtte velje eit eksisterande konsept, måtte det blitt Farmen. Eg er trass alt vaksen opp med hesjing og lefsebaking på ein bratt gard inst i Sogn.

– Har du et nyttårsforsett for 2024?

– Eg er så dårleg å kjenne igjen folk. Det er ei plage når eg møter så mange kjekke folk. Når eg tilfeldig treff nokon, kan eg bli veldig glad, men rett etterpå tenkjer eg: Kven var det igjen...? Så eg må lære meg å kople ansikt og namn på ein blunk.

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@medier24.no

Powered by Labrador CMS