Jens Kihl i julete omgivelser. Feliz Navidad, eller Nadolig Llawen!

Julepraten: 

Jens Kihl har bare én juletradisjon

BTs kulturredaktør avslører hva hans eneste juletradisjon er, og ikke minst hvordan det gikk med nyttårsforsettet i år.

Publisert

Også i år stiller Medier24 en rekke spørsmål til mediemennesker i spalten Julepraten.

Dagens utvalgte (eller utkårede) er ingen ringere enn BTs kulturredaktør Jens Kihl.

– Hva gjør du i jula?

– Eg har eigentleg berre éin juletradisjon, og det er å sjå filmen «Pride». Den byggjer på ei sann historie og handlar om ein gjeng homoar og lesber som går saman for å stø dei streikande kolgruvearbeidarane i Wales. Foreinte i sitt Thatcher-hat ser dei at dei kjempar felles sak. Undervegs får vi åttitalshits, arbeidarsongar, nokre gode dildovitsar og «god jul» på walisisk.

– Skal julebrusen være rød eller brun?

– Julebrusen bør helst vere brun og kan godt vere av merket «øl». 

– Hva var det morsomste / pinligste som skjedde i 2023?

– I Bergen er svaret lett. Garantien frå Christine Meyer var både mest pinleg og mest morosam. Nasjonalt vil eg seie at det er intervjua Martin Lægland gjer (sjå førre lenke, red.anm.). Morosame for oss, pinlege for politikarane. For ein stjernejournalist han er!

– Du må være med i et realityprogram. Hvilket velger du og hvorfor?

– Eg går for Alt for Rognan. Å setje opp revy i lag med ein gjeng nordlendingar verkar som ein topp måte å bruke dagane på. Kanskje får eg bruk for ein av dildovitsane frå «Pride» også. Bestefar og bestemor møtte kvarandre då han var rallar og ho var anleggskokke på jernbaneutbygginga over Saltfjellet, så eg bør vere kvalifisert. 

– Har du et nyttårsforsett for 2024?

– Eg er faktisk ekstremt oppteken av nyttårsforsett. I år var forsettet å drive med tysk på Duolingo, og eg har no ein streak på 300 dagar. Neste år skal eg gjere noko veldig klassisk, nemleg melde meg inn på treningssenter (og bruke det). Eg har utruleg mange fordomar mot å vere på treningssenter, men det får ikkje hjelpe. Sånn! No har eg sagt til M24 at eg går for SK24, så då må eg nesten gjennomføre det. 

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@medier24.no

Powered by Labrador CMS