Mangeårig Dagens Næringsliv-journalist Jostein Løvås. Her i Ålesund.

DN sitt Stavanger-kontor halvert når Jostein Løvås tek sluttpakke etter 15 år

– Nett no har eg ein klump i halsen, seier journalist Jostein Løvås til Medier24.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Torsdag vart det klart at Dagens Næringsliv har innvilga sluttpakke til 26 tilsette etter at avisa må kutta 23 millionar kroner i personalkostnadar.

Blant dei som sluttar er journalist Jostein Løvås, som har jobba på DN sitt Stavanger-kontor dei siste seks åra.

– Det har ikkje vorte lagt press på dei tilsette ved lokalkontora for å få dei til å slutta, snarare tvert om. Eg har sjølv likevel teke sluttpakke av andre grunnar. Nett no har eg ein klump i halsen, seier Løvås til Medier24.

– Eg har hatt femten flotte år i DN, i Oslo, New York og Stavanger. Denne tida er allereie sveipt i DN-rosa sukkerspinn, slik minnet har det med å gjera, held han fram.

Dagens Næringsliv har per i dag lokalkontor i Kristiansand, Stavanger, Tromsø og Phuket. Ingen av dei andre korrespondentane har søkt sluttpakke, etter det Medier24 kjenner til.

Den andre av dei to Stavanger-baserte journalistane, Morten Ånestad, held fram på lokalkontoret.

– DN er i trøbbel no

Det siste dryge halvåret har Dagens Næringsliv gått gjennom ein omfattande omstruktureringsprosess, og førre veka vart ei splitter ny redaktør- og leiargruppe presentert.

I tillegg er deira gamle avisstruktur erstatta ved at det er oppretta fire nye avdelingar i redaksjonen.

Løvås ynskjer ikkje å utdjupa kvifor han no har vald å søkja sluttpakke, men seier til Medier24 i ein kommentar:

– Eg har ikkje lyst til å meina så mykje om problema DN står oppe i, eller stå fram som ein bitter besserwisser. Det er eg ikkje. Eg har hatt femten til dels fantastiske år i bladet, og er takksam for alle sjansane eg har fått. Tida som korrespondent i New York ragar høgast, seier Løvås til Medier24.

– DN er i trøbbel no, men det er ikkje rettvist å peika ut syndebukkar. Heile mediebransjen er i omvelting, krisa kom kanskje berre nokre år seinare til oss.

– Kva skal du no?

– Me får sjå.

Det har ikkje lukkast Medier24 å få ein kommentar frå sjefredaktør og administrerande direktør Amund Djuve i Dagens Næringsliv.

Mistar profilerte journalistar

Løvås har studert journalistikk i Oslo, og starta sin karriere i Finansavisen i 1999, kor han vart vaktsjef.

Han har sidan 2004 jobba i DN, først i Oslo som olje- og energireporter. I 2006 flytta han til Stavanger, og i perioden 2009-2013 var han USA-korrespondent i fleire omgangar, til saman i tre år. Sidan har han vore i Stavanger.

Medier24 skreiv tysdag at annonsedirektør Erik Eckbo, D2-sjef Helle Vaagland, videojournalist Marte Christensen, Magasinet-journalist Cecilie Enger og journalist Åsne Haugli alle har fått sluttpakke i DN. Også sjef for content-avdelinga DNX, Siri Skaalmo, sluttar i avisa, melde DN sjølv fredag.

Powered by Labrador CMS