Kjartan Helleve er kritisk til NRKs nynorsktall.

DEBATT:

Ja, skjerpings, NRK!

«Om nokon lurer på kvifor NRK slit med nynorskkravet, er det berre å skru på Studio 2 på P2», skriver Kjartan Helleve.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Denne veka la NRK fram tal som synte at dei berre hadde 24,2 prosent nynorsk i kanalane sine i 2020. Dermed blir 2019 framleis ståande som det einaste året då dei faktisk har greidd kravet.

Reaksjonane var som venta. Målrørsla, inkludert min eigen organisasjon, var sjølvsagt skuffa, og kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen lova sjølvsagt å skjerpa seg. Men det var først då Studio 2 skulle løfta opp problemstillinga, at ein skjøna kvar skoen trykker.

Dei hadde invitert Karoline Riise Kristiansen, språksjef i NRK, og Jens Kihl, politisk kommentator i Bergens Tidende og mangeårig nynorskforkjempar. Det lukta ikkje akkurat krutrøyk av det ordskiftet, då Riise Kristiansen kom frå stillinga som redaktør i Nynorsk Pressekontor. Men det var likevel eit håp om at det skulle dukka opp relevante problemstillingar. Men nei. Tvert imot.

Det gjekk ikkje lang tid før det spora av. Kihl fekk akkurat lov til å seia at det er viktig med nynorsk i NRK, sidan det står så skralt til i dei andre nasjonale mediehusa. Brått seier programleiaren: «Vi må bare understreke at du skriver nynorsk, men du snakker ikke nynorsk, Jens Kihl.»

Hæ? Kva har det med saka å gjera? For det første er det vel likegyldig kva språk Kihl nyttar i det daglege, innlegget hans handla om nynorsk i Medie-Noreg. Eller var det viktig for programleiaren å understreka at han skriv nynorsk, slik at lyttarane ikkje skulle tru at ein bokmålsskrivande kunne meine det han nettopp hadde sagt? Og «å snakke nynorsk» forsvann ut då Ingrid Stenvold fekk lov å nytta dialekt i Dagsrevyen. Men viktigast: Kva har dette med nynorsk i NRK å gjera?

Kihl, van med å møta dette poenget, prøvde å vri seg inn på saka att: «Og dette understreker poenget. Det er viktig at nynorskbrukere over hele landet får høre ny….». Så forsvann han frå linja. Og Studio 2 greidde aldri å få kontakt igjen. Kihl la raskt ut ei melding på Twitter om at han mista kontakten av di neste gjest hadde logga seg inn på Report IT-appen. Om det er noko koronaen burde ha lært oss, så er det å kopla folk saman via nettet. Men Jens Kihl i Bergen kunne like godt ha vore Odd Karsten Tveit i Harare i 1987.

Dermed forsvann den kritiske røysta, og språksjefen i NRK vart sitjande åleine i eit NRK-studio for å svara på den manglande nynorsken i NRK. Kristiansen svarar så godt ho kunne, og gjorde eit ærleg forsøk på å syna fram språkarbeidet dei trass alt gjer på huset. Det fekk ho ikkje lov til å gjera så lenge.

«Det har vært provoserende for mange med nynorsk i Norge i mange, mange tiår. (…) Er det fortsatt folk som blir provosert av at det skrives og snakkes nynorsk?» spør programleiaren. Om Kihl sin personlege språkbruk var eit sidespor, så var dette å byta tog.

Ja, kjære programleiar, det er det sikkert. Men NRK sitt viktigaste styringsdokumentet er NRK-plakaten. Den blir vedteken av Stortinget og gjeld no i fire år om gongen. Den seier mellom anna at det skal vera 25 prosent nynorsk i NRK. Ikkje som eit mål, men som eit krav.

Innslaget i Studio 2 syner kva NRK slit med. Me veit av erfaring av kringkastingssjefen tek dette spørsmålet på største alvor. Skal ein allmennkringkastar ha legitimitet, må ein i det minste oppfylla krava som blir stilt. Men dette når tydelegvis ikkje langt nok ned i organisasjonen. P2 er verst på nynorsk av alle kanalane, dei klokka inn på 17,2 prosent. Men programleiaren i Studio 2 tek tydelegvis ikkje dette så tungt. Det er meir interessant at nynorsk er så provoserande.

Då TV 2 ikkje oppfylte alle krava i allmennkringkastaravtala i 2019, kutta Medietilsynet statsstøtta med over fem millionar kroner. Når NRK bryt krava, blir det ordskifte om personlege preferansar og problemstillingar frå skulevala.

Om NRK vil skjerpa seg, så vil fleire nynorskjournalistar vera ein god start. Då kunne dei kanskje ha innleidd spørsmålet med «Det er svært mange i Norge som er glade i nynorsk, og har vore det i mange tiår.»

Powered by Labrador CMS