Det som er viktig er å understreke kva vi veit og kva vi ikkje veit. Skille mellom kva som er spekulasjon og analyse, og kva som er fakta

DEBATT: - Det er også vanskeleg å sjå for seg at ein overhodet ikkje skal kunne trekke inn kva kunnskap og erfaring vi har frå terroraksjonar, svarer NRKs utenrikssjef Knut Magnus Berge. 

Denne artikkelen er over to år gammel.

Knut Magnus Berge, redaksjonssjef utenriks i NRK.

Redaktør Gard Michalsen meiner å peike på ein inkonsekvens i NRKs dekning av terroren i Manchester. Og at vi spekulerer i islamistisk terror.

Mon det?

 

Utgangspunktet er at politisjefen i Manchester i dag tidleg oppfordra mediene til ikkje å spekulere i gjerningsmannens identitet.

Ifølge redaktør Michalsens logikk betyr det at mogelege årsakssamanhengar overhodet ikkje kan være ein del av dekninga, og han viser til erfaringane frå 22. juli-saka for å forklare kor ille det kan gå.

Her er Michalsens utdrag frå vår fleire timar lange direktesending i formiddag.

 NRKs reporter i studio:  

 

Det virker vanskelig å tro at et såpass nøytralt politisk mål som en konsertarena for unge mennekser ville bli valgt ut av terrorister fra ytre, nasjonalistiske voldelige miljøer.

Terrorister som vi har mye erfaring med også i Europa og her i Norge. Dette er jo en spekulasjon, men det virker lite trolig at et slikt mål ville bli valgt ut.

Dette målet, en konsertarena, å ramme flest mulig, spre terror og kanskje ramme barn - det virker mer som et mål den islamske staten oppfordrer sine folk til å angripe.

Det er vanskeleg å sjå for seg at ein overhode ikkje skal kunne nevne mogelege årsakssamanhengar i ei fleire timar lang direktesending etter eit større terrorangrep.

Det er også vanskeleg å sjå for seg at ein overhodet ikkje skal kunne trekke inn kva kunnskap og erfaring vi har frå terroraksjonar.

Det som er viktig er heile tida å understreke kva vi veit og kva vi ikkje veit. Skille mellom kva som er spekulasjon og analyse, og kva som er fakta.

 

På same måte som at vi i ekstrasendingar 22. juli 2011 også peika på terroren i Oklahoma City - der ein kvit amerikanar stod bak - nettopp for å vise at terroren i Oslo og på Utøya kunne ha andre årsaker enn dei som syntes openberre.

 

Powered by Labrador CMS