Det kjem fram i ei børsmelding fredag.
Berger gjekk 1. oktober frå jobben som finansdirektør i Schibsted til stillinga som investeringsansvarleg i eigarselskapet Blommenholm Industrier.
Han sel no 15.500 b-aksjar til ein verdi av 3,9 millionar kroner til ein aksjepris på 253,6 kroner.
Før sommaren selde Berger 24.740 b-aksjar til ein verdi av 5,7 millionar kroner, med ein kurs på rundt 230 kroner.
Berger står no med 4.689 Schibsted-aksjar, 3.240 av dei via investeringsselskapet Trobe Invest, og har håva inn nærmare ti millionar kroner på Schibsted-aksjar det siste halvåret.