Sigmund Krøvel-Velle, «Kaffikoppens» far.

MINNEORD:

Sigmund Krøvel-Velle: Han var ein ekte journalist

«Det tok ein brå slutt. «Kaffikoppens» far har lagt ned pennen for godt.»

Publisert

Sigmund Krøvel-Velle (1946–2025)

Sigmund Krøvel-Velle døydde brått og uventa forrige laurdag. Den pensjonerte journalisten i Hallingdølen, som i sitt eige hovud framleis var ein bladfyk, skal ikkje lenger more oss med sine elegante sprell i petitspalta «Kaffikoppen» kvar laurdag.

Ein entusiast

Han var på veg til å bli 80 år. Like entusiastisk oppteken av avisas ve og vel, ti år etter at han slutta. Men Krøvel, som han berre vart kalla i redaksjonen, gjekk framleis for fulle segl. Han skreiv petitane sine, han skreiv bokmeldingar og meldte med stor kunnskap både konsertar og teaterførestillingar. Og det var ingen diskusjon om kven som framleis hadde handa om nyttårskavalkaden i nyttårsavisa. Det var Krøvel, slik som han hadde hatt i fleire år. Her registrerte han det viktigaste som hadde skjedd i kvar månad gjennom heile året. Og dette var han like oppteken og oppglødd over å få jobbe med, sjølv om han for lengst hadde pensjonert seg.

Den triste dagen

Fredag kveld ringde telefonen min. «Duddelidu» kvitra det i andre enden. Sigmund sjølvsagt, «Du må skrive ei fint minneord …». Ein kjenning hadde gått bort, ein person han hadde mykje med å gjere som journalist. I tillegg vart det som vanleg prata om mykje anna, det vil seie: Me gjekk gjennom det meste. Konklusjon: Det går opp og ned, og det gjer det for dei fleste, men han var fornøgd med tingenes tilstand.

Dagen etter: Ein ny telefon. Det er redaktør Lillian: – Eg har ei trist melding til deg: Sigmund er død.

Fanga kvardagen

Det er slike dagar som set seg fast i ein. Dette var ein slik ein. Tankane fòr gjennom hovudet: Det gode medmenneske, den elegante ordsmeden som fann dei gode formuleringane som fekk fram smilet - og den alltid jagande journalisten. Det nærmaste eg vil kalle eit journalistisk dyr. Han som gav alt for Hallingdølen, som knapt kunne gå på ein basar utan fotoapparatet, for det kunne vere eit motiv der. Og som regel fann han eitt. For han var ein meister til å fange blikket til folk og augneblinken. Oppteken som han var av bilete som kommunikasjonsform og avisa som formidlar. Det var slik han var.

Fann kvardagsmenneska

Sigmund var ein meister til å finne dei gode kvardagshistoriene, om det var eit bilete av ein gubbe med eit furete ansikt sitjande på ein buskelegg i skogen, eller ho som jobba i oppvasken på eit eller anna hotell. Kvardagsmenneska. Det resulterte i ein heilt spesiell reportasjeserie i Hallingdølen i 1999, «Kvardagsmenneske mot år 2000». Kvar einaste avisdag lyfta han fram kvardagslivet i Hallingdal. I 150 artiklar på rekkje og rad gav han spalteplass til menneske midt i kvardagen. Han møtte folk der dei var. Her var det ikkje noko tilgjort. På sine sin vare og fine måte fortalde han om livet deira og kva dei dreiv med i kvardagen. Serien fekk både nasjonale og skandinaviske journalistprisar. Det var Krøvel på sitt aller beste. Og kven hugsar ikkje det legendariske bilete frå 17. mai-toget i Leveld i blåsen der barnetoget gjekk bak ein traktor med spelemannen på tilhengjaren? Eit blinkskot.

Fekk inspirasjon

Han var utdanna lærar. Fødd i Ål, der far hans var lærar, og han vaks opp i Ålesund dit familien flytta. I ungdomsåra vanka han mykje i Sunnmørsposten. Det var nok her han fekk inspirasjonen til det som vart yrket hans. Han tok lærarutdanning først, og jobba ei periode i skulen i Ål, kjent som ein populær og kreativ lærar. Men tidleg på 70-talet opna det seg moglegheit i Hallingdølen. Han kom inn i avisa med nye tankar. Fotointeressert som han var lyfta han biletjournalistikken i avisa.

Redaktør Sigbjørn Tormodsgard gav han frie hender. Han jobba med alt. Køyrde etter blålysa, skreiv reportasjar og portrett av folk - og han var alltid like stilsikker. Greip fatt i kulturen i bygdene, og lyfta dette stoffet fram. Avisa registrerte ikkje berre kulturhendingar lenger, men avisa meinte noko også. Han som elska å gå i Operaen hadde både innsikt og meiningar. Ikkje berre om musikk, men om bøker og teater.

– Sigmund sette varige spor etter seg. Han var ein pioner i Hallingdølen. Og han er det eg vil kalle ein ekte journalist, seier tidlegare redaktør Bjarne Tormodsgard.

Far til barnebileta

Det var også Sigmund Krøvel-Velle som fekk overtydd sjefen om at avisa måtte ha bursdagsbilete inn i spaltene. 18. september 1984 vart det offisielt opna for at folk kunne sende inn foto av sine håpefulle, med ei helsing frå alle dei næraste. Dette var med på å bringe avisa i tettare kontakt med lesaren, noko me har jobba med heile tida i alle dei 41 åra som har gått.

«Kaffikoppens» far

Ein pioner. Kanskje Sigmund ikkje visste det sjølv, ein gong, kor dyktig og anerkjent han var. Og kanskje tenkte han heller ikkje over kor mykje han har betydd for Hallingdølen og den utviklinga avisa har hatt.

Sigmund beherska det meste, frå nyheiter til portrett og underfundige petitar. Han leverte ein «kaffikopp» kvar laurdag heilt til det siste. Det er ikkje ein lett sjanger å beherske, og krevjande å ha hengjande over seg kvar veke er det også. Men ikkje for Sigmund. Eg ser han for meg der han humrar seg gjennom teksten. Ein god tekst, var ein god dag. Men no kjem det ikkje fleire «kaffikoppar», signert Sigve.

Det var trist dette.

Powered by Labrador CMS