I spalten sommerpraten deler en rekke personer i mediebransjen sine refleksjoner om året så langt, metode og sine medievaner i ferien.
Denne gangen er det frontsjef i Bergens Tidende, Jens Kihl.
– Hva er én ting du har lært i år som har endret hvordan du jobber journalistisk?
– No har eg mine fyrste veker som frontsjef, og eg lærer ting i eit rasande tempo av tolmodige (og ikkje så tolmodige) kollegaer. Det handlar både om rutinar i breakingarbeidet, om verktøy (og all nedetida til Presseklienten hos politiet), om lesarvanar og mykje anna.
– Og så lærer eg ganske mykje om meg sjølv, faktisk. Som kommentator og kulturredaktør hadde eg ikkje så mange å slå. No kan eg kjenne på den brusande kjensla av å knuse BA fleire gongar dagleg. Det er kanskje ikkje verdas edlaste motivasjon, men fy søren så gøy det er.
– Om noko skal ha overføringsverdi til lesarar av denne spalta, så er det kanskje dette: Eg oppdaga at det går veldig fint an å slutte som redaktør og finne ein plass på golvet igjen.
– Hvilken sak – enten din egen eller andres – har imponert deg mest i år, og hvorfor?
– Det er lett. TV 2-avsløringane om ukultur, metoo og hysjkultur i LO har verkeleg sett dagsorden. Det er saker der eg på den eine sida blir dødsimponert over kvart einaste nyhendesteg, og på den andre sida blir svart av sjalusi fordi eg så gjerne skulle ha laga dei sjølv.
– Hvilket verktøy, metode eller arbeidsgrep klarer du deg ikke uten nå – og hvorfor?
– Her vil eg slå eit slag for ei fantastisk oppfinning som heiter "journalistblokka". Eg har til gode å sjå eit digitalt verktøy som er meir effektivt, allsidig og presist enn 105 gangar 210 millimeter linjert papir med toppspiral. Ok, eg har kanskje ikkje heilt til gode å sjå eit verktøy som er meir effektivt, allsidig og presist, men de skjønar poenget. Journalistblokka er i alle fall perfekt når ein skal snakke med folk, noko som blir berre viktigare og viktigare i journalistikken.
Hva kobler du av med i sommer, og hvilke medievaner tar du med deg i ferien?
– I sommar skal eg kople av (eller på) med podkastar om tysk politikk, kultur og samfunnsliv. Tyskland må vere det mest underdekte landet sett med norske auge. Eg kan varmt tilrå "Tyskerne" og sjølvsagt "Dritte Halbzeit" på norsk, og gjerne "DW Berlin Briefing" på engelsk. Med 794 dagar på tysk Duolingo er eg stadig nærare å kunne høyre podkast på tysk, men det skjer nok ikkje heilt enno. Er det veldig pretensiøst å skrive dette? Skitt, la gå.
– Hva er ditt beste råd til de som står uten arbeid eller ser seg om etter en ny jobb i mediebransjen nå?
– Søk deg jobb i ei lokalavis. Alle har godt av å flytte ut av Oslo eit par år, og det skjer veldig mykje spanande i dei mindre redaksjonane for tida.
Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@medier24.no