Tormod Utne, nå ansvarlig redaktør i Møre-Nytt. Her fra da han begynte sitt to år lange engasjement som PFU-rådgiver.

☀️Mitt sommervikariat:

– Eg gjorde ein kjempetabbe tidleg

Tormod Utne anbefaler sommervikarer å stole på egne ideer, og dra ut for å møte ekte folk.

Publisert

I spalten «Mitt sommervikariat» spør vi ledere og profiler i bransjen om sine første dager i pressen. I dag er det Tormod Utne, ansvarlig redaktør i Møre-Nytt, som står for tur.

– Hvor og når var ditt første sommervikariat?

– Eg hadde mitt første sommarvikariat som journalist i Trønderbladet på Melhus. Eg gjekk på vidaregåande der, og norsklæraren min meinte eg burde gå til avisa med ein av stilane mine. Har alltid vore glad i å skrive, og etter dette balla det på seg. Eg byrja å skrive på slutten av 1980-talet.

– Hvordan fikk du jobben?

– Eg hadde levert litt frilans mot slutten av vidaregåande, og dåverande redaktør Åsmund Snøfugl såg vel eit talent i meg og gav meg tillit. Eg hadde vokse opp i ein lesande heim, der det alltid var aviser. Formidlingsgleda og journalistikken var for meg ein liten draum frå tidleg av, men eg trudde eg var for sjenert til å bli fullblods reporter.

– Hva husker du best?

– Lukta av kjemikaliar frå mørkerommet, spenninga på veg til eit oppdrag, damene ved settebordet, deadlinepress og gleda ved å sjå det ein har skrive på trykk. Pulsen.

– Hvem ble du kjent med som du fortsatt har kontakt med?

– Eg er som person litt dårleg til å halde jamnleg kontakt med folk, men har framleis litt kontakt med Anders Skjerdingstad, som var pur ung reporterspire i samme avis litt seinare.

– Gjorde du noen tabber? Hvis så, hvilke?

– Eg gjorde ein kjempetabbe tidleg, då eg gjekk ut på banen medan Melhus sitt fotballag hadde trening. Dåverande trenar Tore Lindseth sørga for skikkeleg bakoversveis på ein skamfull, ung sommarvikar.

– Hva er det viktigste du lærte som sommervikar?

– Å stole på eigne idear, og dra ut for å møte ekte folk. Det er noko grunnleggande ved å ha bakgrunn frå lokalavis som ein dreg nytte av gjennom heile karriera.

– Hva er dine tips til årets sommervikarer? 

- Bruk kollegaene godt, og skriv mange saker. Den beste læringa får ein ved å utøve journalistikk i samspel med erfarne journalistar. Det er i skjæringsfeltet mellom teori og praksis at ein utviklar sitt eige gode journalistiske handverk, og for unge reporterar er mengdetreninga gull verdt.

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@medier24.no

Powered by Labrador CMS