Måndag gjekk det ut varsel om delvis permittering til alle tilsette i NordlysLAB og marknadsavdelinga til Nordlys, stadfestar administrerande direktør Marit Skog i Nordlys til Medier24.
Totalt 11 medarbeidarar i Tromsø-avisa er råka.
– Me har forsøkt å løfta alle steinar for å spara kostnader, men me ser at me har manglande inntening på annonsesida og færre arbeidsoppgåver. Då er ein nøydd til å permittera, seier Skog.
Nordlys er eigd av lokalaviskonsernet Amedia. Også Avisa Nordland i Bodø må permittera, skreiv NTB før helga.
– Korleis er det å gi ein slik beskjed?
– Det er heilt forferdeleg. Det er noko av det verste eg har gjort. Samstundes er det heilt nødvendig i ein slik situasjon. Som mange andre i mediebransjen held me litt pusten og er spent på kva som skjer framover.
– Korleis ser de på dei neste vekene og månadane? Er de urolege?
– Det er klart me er urolege, det er openbert. Me har hatt eit utruleg krevjande mars og me trur april vert endå meir krevjande, men å spå tykkjer eg er vanskeleg.