Redaktør Wisam Karim Alazawi i NTV og ein journalist i NTV.

Full for­virring rundt desse ny­kommarane: Dette er norsk-arabiske NTV

NTV Norway Voice er ein kanal for minoritetsgrupper i Norge. No har dei fått innpass på regjeringa sine pressekonferansar.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

  • Oppdatert med sitat frå NTB-sjef Mads Yngve Storvik.

I løpet av koronakrisa har Medier24 fått ei rekkje tips om dei «nye» journalistane på regjeringa sine pressekonferansar, med spørsmål om kven dei er.

Dei har på pressekonferansane blitt presentert som både NTV, Norway Post og Norway Voice. Andre har til og med blanda dei med nyheitsbyrået NTB.

NTV Norway Voice er ei norsk-arabisk mediebedritft, opplyser ansvarleg redaktør Wisam Karim Alazawi overfor Medier24.

– Me er ein kanal for minoritetsgrupper som held til i Norge, seier han til Medier24.

Leverer på fleire plattformer

Alazawi har tidlegare jobba som journalist i Irak, men kom til Norge i 2008, og starta NorwayVoice same år. Det er likevel ikkje før i 2020 at dei blitt lagt merke til på riksdekkjande tv under regjeringa sine pressekonferansar.

– Det var eit særskilt behov for ein radiokanal som kunne gi menneske med arabisk bakgrunn nødvendig og relevant informasjon, seier han til Medier24.

Dei er religiøst og politisk uavhengig, og får heller ikkje statsstøtte. Dei leverer nyheiter på norsk, arabisk og engelsk.

– Opp gjennom åra har det kome en stor del menneske med arabisk bakgrunn til Norge. Desse personane har blitt fordelt over ulike fylke og kommunar i landet, og mange av dei risikerer å bli isolert sidan dei ikkje kan det norske språket.

NTV produserer både radio, nettavis og tv (YouTube). 

NTB-sjef Mads Yngve Storvik

NTB-sjef Mads Yngve Storvik fortel om fleire misforståingar i byrjinga av koronakrisa.

– NTB og NTV høyrast ganske likt ut, så i byrjinga fekk me ein del spørsmål om dette var oss. Folk stussa litt på om me hadde utanlandske journalistar. Det har ikkje vore eit stort problem, seier han vidare, og rosar myndigheitene:

– Det er tøft av at dei slepp til slike medium også.

Stilte Tom Hagen-spørsmål

Fleire beit seg også merke i eit spørsmål som vart stilt under onsdagens pressekonferanse med finansminister Jan Tore Sanner, justisminister Monica Mæland og samferdsleminister Knut Arild Hareide.

Redaktør Alazawi fortel til Medier24 at dei fekk tilgang til regjeringa sine pressekonferansar under koronakrisa.

– Me har no seks-sju journalistar, der alle er medlemmer av Norsk Journalistlag (NJ). Eg er med i både NJ og Norsk Redaktørforening, seier han.

Powered by Labrador CMS