Det er Dagsavisen som torsdag melder at Byavisa i Moss vert lagt ned.
Slik reagerer ansvarleg redaktør Geir A. Arneberg på nyheita:
– Det er kjempetrist. Det er jo arbeidsplassar som går tapt. Dei som har vore her har prøvd å gjere ting etter beste evne.
Dagleg leiar Bjørn Larsen forklarar det slik:
– Det har vore ein vanskeleg marknad i Moss over lengre tid, og me har ein sterk konkurrent i Moss Avis når det gjeld annonsar på papir. I tillegg merkar me presset frå sosiale medier.
No såg dei ingen andre utvegar enn å gå til tingretten med konkursoppmoding, fortel Larsen.
Bjørn Larsen, dagleg leiar i Byavisa.Kenneth Stensrud / Dagsavisen Østfold