Ut mot VG: – Er artiklane laga for å selja annonsar?
Professor Svein Brurås ved Høgskulen i Volda reagerer på at VG legg inn kjøpslenker til bøker dei omtaler på redaksjonell plass. VG avviser kritikken.
Denne artikkelen er over to år gammel.
– Den som skal argumentera for at dette ikkje svekkjer det klare skiljet mellom journalistikk og reklame, får ein tøff jobb, seier professor i journalistikk, Svein Brurås, ved Høgskulen i Volda til Medier24.
– Får VG provisjon av boksalet?
Han reagerer på at VG legg inn kjøpslenker, sokalla «affiliate-annonser», til bøker dei omtaler på redaksjonell plass.
I april kom både Jo Nesbø og Anniken «Annijor» Jørgensen med sine boktips på redaksjonell plass i VG, og under fleire av bøkene kunne ein trykkja seg vidare for å kjøpa bøkene hos dei ulike bokhandlarane. Sakene er ikkje merka som kommersielt stoff, og utover sjølve reklamen går det ikkje fram av artikkelen at saka inneheld kjøpslenker.
– Artiklane med boktips og anbefalingar er sjølvsagt heilt ok. Men når anbefalinga av kvar enkelt bok blir følgt av ei annonse og ei kjøpslenke for den same boka, då kan ein lura på motivasjonen for heile artikkelen. Er den journalistisk motivert, eller er den laga for å selja annonsar? Får VG provisjon av dette boksalet? spør Brurås.
VG har tidlegare fått krass kritikk for liknande praksis på MinMote. Nettstaden vart også felt i PFU for kjøpslenkene, og utvalet peikte på at samarbeidet med ein kommersiell klesbutikk kunne så tvil om avisa sin integritet. Dåverande VG-redaktør Torry Pedersen forsvarte praksisen med at det var lesarservice, og ikkje reklame, og at omtalen var journalistisk. MinMote har sidan byrja å merka saker som inneheld kjøpslenker og annonsar.
– Skjellsord for ikkje mange år sidan
Han peiker vidare på at dette ikkje er sokalla «kontekstuelle annonsar», der annonsane vert kopla til relevant redaksjonelt stoff i ein automatisert prosess.
– Her ser det ut som at det er gjort eit bevisst arbeid for å kopla tekst og annonsar, seier Brurås.
Også bokmeldingar og andre artiklar om bøker inneheld liknande kjøpslenker. VG har ført praksisen sidan i august i fjor.
– For ikkje mange år sidan var «kopling» eitt skjellsord i nyheitsmedia. Kopling oppstår når produkt vert eksponert på redaksjonell plass ut frå andre omsyn enn uavhengig og kjeldekritisk journalistikk, som til dømes å selja annonsar. Eg veit sjølvsagt ikkje om det har skjedd her, men mistanken kan oppstå, legg Brurås til.
– Kjærkomen inntekt
VG sin utviklingsredaktør, Øyvind Brenne, avviser kritikken frå Brurås.
– Så lenge det er tydeleg merka er ikkje brukarane i tvil om kva dei er inne i. Dette er uproblematisk, og ei problemstilling som har vore behandla av både PFU og Forbrukarrådet for fleire år sidan, seier Brenne.
– Blant VG sine ambisjonar er å auka dei digitale inntektene, og det er både ynskjeleg og naturleg å ta i bruk dei verkemidla digital publisering legg til rette for. Dette er både god forbrukarinformasjon og ein kjærkomen inntektsstraum for å finansiera journalistikken òg i framtida, legg han til.
Forstår ikkje kritikken
Brenne seier han ikkje har fått ei einaste klage av forbrukarane om at dei ikkje har skjønt kva dette har vore.
– Dette er god forbrukarinformasjon, og i saker kor det er naturleg – med bøker til dømes – meiner me at dette er bra for alle involverte. Det er kommersiell avdeling som løyser «affiliate»-integrasjonar – ikkje redaksjonen.
– Tener VG per sal?
– Det veit eg ikkje, men at VG tener på annonsar ligg i saka si natur.
Medier24 har vore i kontakt med kommersiell direktør Christian Haneborg i VG om detaljane i annonseavtalen. Han kunne ikkje svara på ståande fot, og hadde heller ikkje tid til å koma tilbake til oss før seinare.
– Forstår du at ein kan stilla spørsmål til innhaldet når reklamen ligg så tett opp til det redaksjonelle?
– Nei, det forstår eg ikkje. Jo Nesbø som deler ut tips om sine favorittbøker trur eg er ei type sak alle norske kulturredaksjonar ville lege langflate etter, og er openbert journalistisk motivert. Det har eit uangripeleg truverd.