Frode Bjerkestrand, journalist i Bergens Tidende.
Frode Bjerkestrand, journalist i Bergens Tidende.

MENINGER:

Journalistar og mediehus bør late seg inspirere av nobelprisen. Nok norwenglish no

«Det er på høg tid å ta ein rundvask av norsk journalistspråk. Les Jon Fosse, folkens», skriver Frode Bjerkestrand.

Publisert Sist oppdatert

Jon Fosse får sin velfortente Nobelpris i litteratur, og det har ført til jubel rundt om i dei tusen redaksjonar. 

Sidan saka eksploderte torsdag, er sosiale media fylt til loket av journalistar, kritikarar og forfattarar som deler alt dei ein gong har skrive om Fosse, frå tidleg 1980-tal fram til i dag. 

Mykje av det er ein fryd å lese, fordi dei er skrivne i djup språkleg respekt for Fosse sjølv – han som er ein meister i å komponere klarspråk, den enkle, tydelege, vakre og sjølvmedvetne nynorsken. 

Spørsmålet er kvifor ikkje dette sjølvmedvitet har sete seg betre fast i norske redaksjonar sitt kvardagsspråk. 

Denne kritikken er jo prega av ein eldre herre sine rabiesrefleksar. Men eg trur dette er noko norske redaksjonar bør ta inn over seg, før journalist-norsken blir krimsjuk og dvask, og omgrepa vi nyttar blir uforståelege for dei vi skriv for; folket, lesarane.

Pinleg

Difor, nokre eksempel her: 

“Breaking/breakingdesken”: Dette er ikkje ein anglisisme ein gong. Det er eit engelsk omgrep mange norske redaksjonar har adoptert, heilt utan filter. I dag nyttast ordet om noko av det aller viktigaste vi driv med, det som er kjernen i journalistikken: Å rapportere om aktuelle hendingar. At ingen har tatt i bruk ei vasstett norsk omsetjing, er jo pinleg. 

Eit forslag her: Hendingsnyheit/Nyheitsdesken. 

“Live”: Dette er vanlegvis motsetninga til “death”, noko som gjer bruken av omgrepet språkleg merksnodig. Men også dette ordet er adoptert frå nyheitsspråket i det store utland. Opphavleg definerte omgrepet det som skjer når ein journalist rapporterer direkte frå verda der ute, framfor kamera. I dag er det i bruk som namn på nyheitsstraumane i nettavisene, korte notisar om ting som plutseleg skjer. 

Forslag: Nyheitsstraum (sjølvsagt) 

“Pr. nå/på noverande tidspunkt”: Eit norsk eksempel må jo vere med. Journalistar sin inngrodde angst for berre å si “nå” er parodisk. Det verkar som om vi trur ordet ikkje klarer seg åleine, men må pakkast inn og serverast som ein lunken, språkleg kebab. Eg trudde “på noverande tidspunkt” var eit politisk munnhell som døydde ut med Kåre Willoch si regjering (1981-1986). Men her er vi, altså. 

Forslag: Skriv “nå”. Berre “nå”, for pokker. 

I tillegg ser vi at sosiale media gjev oss stadig nye omgrep alt frå “feed” og “point of view” til “search engine optimalization”.

It just keeps on å kome.

Høgt tempo og lavgradig latskap

Dette er sjølvsagt berre ein ide utan vitskapleg fundament, men min mistanke er at det språklege forfallet ikkje skuldast nok eit overanstrengt forsøk på “å nå dei unge”. Det skuldast høgt tempo og lavgradig latskap. 

Tempo, fordi konkurransen om å presse ut nyhende trumfar alle språklege omsyn. Latskap, fordi vi gjev ansvaret for språkleg kvalitetskontroll til maskiner som Tansa og ChatGPT. 

Men maskiner lærer ikkje alltid av våre feil, dei repeterer dei, og er ofte blinde for retoriske nyansar som kunne ha løfta ein tekst ut av det språkleg middelmåtige.

Så eg kastar ut nokre idear til indremedisinsk språkarbeid her: 

Norske redaksjonar bør ha sitt eige uformelle språkråd, eller kall det “språkpoliti”, om du vil.

Norske redaksjonar bør luke ut engelske omgrep, der det finst eit skikkeleg norsk alternativ.

Norske journalistar bør skrive meir nynorsk. Å skrive på sidemålet vil hindre at vi skriv på autopilot, og vil samstundes gje det utglidande journalistspråket fargen i kinn og kjake tilbake.

Gjer Jon Fosse glad, skriv meir nynorsk i avisa di.

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS