Dag H Nestegard er ny ansvarlig redaktør og daglig leder i Fjordenes Tidende

Dag H. Nestegard tilsett som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Fjordenes Tidende

– Eg gleder meg til å flytte heim, sier den nye redaktøren, som nå går fra Kunnskapsdepartementet til Fjordenes Tidende. 

Publisert Sist oppdatert

Styret i Fjordenes Tidende AS har tilsett Dag Hestetræet Nestegard (55) som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar. 

Nestegard er i dag seniorrådgjevar i Kunnskapsdepartementet og har lang erfaring som journalist, redaktør, forfattar og rådgjevar i mellom anna NRK Dagsrevyen, Bok & Samfunn, Redd Barna og Samferdselsdepartementet. 

Nestegard har nyleg laga dokumentarfilm om kraftutbygging og industriutvikling i Svelgen.

– Eg er oppriktig glad i folket og kulturen på kysten og gleder meg til å byggje vidare på det gode arbeidet dei tilsette i Fjordenes Tidende har lagt ned over mange år. Vi skal halde fram med fornyinga av lokalavisa slik at lesarane får eit stadig betre produkt, seier Dag H. Nestegard.

Fjordenes Tidende er heileigd av Sunnmørsposten AS, og er ein del av mediekonsernet Polaris Media ASA. Nestegard som oppvaksen i Bremanger gleder seg til å ta fatt på jobben.

– Eg gleder meg til å flytte heim. Det skjer mykje spennande i regionen med eit sterkt næringsliv og Stad skipstunell som er eit eineståande prosjekt internasjonalt. Vi skal lage god journalistikk og utvikle Fjordenes Tidende vidare saman med lesarane og annonsørane.

Dag H. Nestegard vil starte i stillinga 1. mars 2024 og tar over etter redaktør Håvar Fagerli.

- Vi er veldig godt fornøgd med tilsettinga av Dag H. Nestegard som ny ansvarleg redaktør og dagleg leiar i mediehuset. Han har lang erfaring som journalist og redaktør og kjenner lesarane, nærmiljøet og næringslivet godt. Med Dag på laget skal vi ta nye steg og gje lesarane god journalistikk på alle plattformer, seier styreleiar Frank Støyva Emblem.

Har du tips til denne eller andre saker? Kontakt oss på: tips@medier24.no

Powered by Labrador CMS