NRK-redaktør Knut Magnus Berge mener Medier24-redaktør Erik Waatland ikke tar med alle aspekter.

DEBATT:

Kanskje kan vi håpe på ei meir balansert dekning av NRK frå M24?

«NRK har god balanse i sin politiske journalistikk, stadfestar fleire undersøkingar. Men krav til balanse i alle enkeltdebattar i alle enkeltprogram har vi ikkje. Heldigvis.», skriv Knut Magnus Berge i svar til Erik Waatland.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

Redaktør Waatland i M24 var lynkjapt ute med ein kommentar om balansen i dekninga av statsbudsjettet i går, her er tittelen: «I Dagsnytt 18 kunne regjeringen glise over nytt budsjett – og at motparten i studio het Rødt og ikke FrP».

Waatland kunne for så vidt valt å legge til at Dagsrevyens endå større publikum fekk sjå FrP uttale seg om budsjettet, men ikkje Rødt.

Og hadde han sjekka meir enn FB-posten til ein av Dagsnytt 18s trufaste gjengangarar, FrPs Ketil Solvik-Olsen, ville han fått følgande svar når det gjeld oppkøyringa til gårsdagens Dagsnytt 18: Ein time før sending starta ein pressekonferansen der budsjettavtalen mellom regjeringa og SV blei presentert. Eit vesentleg journalistisk poeng i samband med pressekonferansen var diskusjonen om kor stor innflytelse SV faktisk hadde fått. Kor mykje fekk dei endra, held utsegna frå i haust om at dei ville få større innflytelse i Stortinget enn som regjeringsparti?

Til den debatten inviterte redaksjonen to opposisjonsparti (i tillegg til budsjettpartnarane). Nemleg Høgre og Rødt. Men før sending fekk vi beskjed om at Høgre likevel ikkje ville stille, dei ville vente med å kommentere budsjettet.

Slik er det tidvis med direktedebattar. Ting skjer.

NRK har ein nedfelt ambisjon om balanse. Ikkje i kvart enkelt program, men over tid. Det lukkast vi rimeleg bra med, tyder dei undersøkingane som er gjort.

Det er til dømes konklusjonen i ein rapport som blei bestilt av Universitet i Stavanger i samband med årets stortingsval. Den blei presentert for Kringkastingsrådet i full breidde førre veke.

Rapporten rimar godt med ein rapport frå Universitetet i Bergen etter stortingsvalet i 2017, som også fortalde at NRK hadde ei balansert dekning.

Funna i dei to rapportane frå Universiteta stemmer også med opptellinger vi gjer internt, til dømes når det gjeld den politiske balansen i Dagsnytt 18.

Trass i brei dekning av Kringkastingsrådets møte førre veke fann ikkje M24 plass til den omfattande rapporten om valet.

I staden vel ein altså i bygge opp under ei seigliva myte om NRK, at vi er ubalanserte. Det er redaktør Waatlands val. Men kanskje kan vi håpe på ei meir balansert dekning av NRK frå M24?

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS