Svein Erik Hovland i Sogn Avis

Medier24s julekalender, luke 16:

Sogn Avis-journalisten syr sine egne pølser til jul

Svein Erik Hovland skuler seg bak dagens luke.

Publisert

I desember vil Medier24 telle ned til jul med 24 lokalavisjournalister fra aviser over hele landet.

Bak dagens luke er Svein Erik Hovland i Sogn Avis.

– Hvorfor jobber du i lokalavis?

– Fordi det er variert, moro og utfordrande. Du må kunne ta alle typar saker, frå fjørlett kuriosa til tunge nyheitssaker. Du er nær på kjeldene òg får ofte rask tilbakemelding på ting du skriv. Og so er det befriande lite kjendisstoff.

– Hva er den største utfordringen med det?

– Det kan vel føra til at du ikkje blir skikkeleg god på noko. Nærleiken kan vera eit problem viss sakene gjeld vener og/eller kjende.

– Beste lokalavisminne?

– Første gongen eg fekk biletet mitt i avisa. Opning av ny grusbane heime i Borgund.

– Beste sak i avisen i år?

– Alle "Skuggeblikk" frå maestro Ole Ramshus Sælthun, petitens Messi.

– har du en uvanlig jule/førjuls-tradisjon?

– Veldig traddis her i heimen. Me syr våre eigne julepølser. Det er vel det mest eksotiske eg kan komma på. Tradisjonelt et eg vel òg alt for mykje pinnakjøt på julaftan. Det er vel heller ikkje så uvanleg...

Powered by Labrador CMS