Målet med koronastøtta var å bidra til at medium i størst mogleg grad kunne halde oppe den redaksjonelle verksemda under korona-krisa i fjor.

Elleve medium må betale tilbake koronastøtte

– At det er ein relativt beskjeden sum som må betalast tilbake, vitnar om at dei fleste media har fått tilnærma rett beløp, seier Hanne Nistad Sekkelsten, direktør for juridisk og regulatorisk avdeling i Medietilsynet.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

I ein kontroll av 32 støttemottakarar fann Medietilsynet at elleve mottakarar hadde fått feil i støtte. Dei må no betale tilbake 1,55 millionar kroner.

Våren 2020 bevilga Stortinget 300 millionar kroner som skulle kompensere medium som var blitt ramma av korona-krisa. Målet var å bidra til at desse media i størst mogleg grad kunne halde oppe den redaksjonelle verksemda.

Dersom media oppfylte kriteria, kunne dei få kompensasjon for inntil 60 prosent av inntektsbortfallet i perioden frå 15. mars til 30. juni 2020 med maksimalt 15 millionar kroner til kvart selskap. Totalt blei nesten 92 millionar kroner betalte ut til media i første tildeling hausten 2020. Etter at fem aktørar frivillig betalte tilbake 15,7 millionar kroner og fire aktørar fekk betalt 1,4 millionar kroner meir etter omgjering av vedtak, fekk media til slutt tildelt 77,6 millionar kroner.

Vilkår for å få kompensasjon må vere til stades

Det var 169 aktørar og 201 medium som søkte, og opphavleg blei det innvilga 108 søknader for 132 medium. Medietilsynet har i etterkant av utbetalinga gjennomført ein stikkprøvekontroll av selskapa som fekk støtte. Tilsynet ønskte å kontrollere at vilkåra for å få kompensasjon var til stades, og i tillegg avdekke om det var betalt ut for mykje kompensasjon.

– Vi valde ut omtrent ein tredel av dei som fekk støtte, det vil seie 32 støttemottakarar, for ein stikkprøve. Kontrollen resulterte i at elleve mottakarar må betale tilbake totalt 1,55 millionar kroner, seier Sekkelsten.

Powered by Labrador CMS