Lasse Solberg (1943 - 2023)
Tidligere NRK-produsent Lasse Solberg døde 12. august, 80 år gammel.

MINNEORD:

Lasse Solberg til minne

Lasse var ein tungvekter blant producerane. Han var kunnskapsrik og allsidig. Ein dyktig fagmann.

Publisert Sist oppdatert

Lasse Solberg gjekk bort 12. august, 80 år gammal. Det var ei trist og uventa melding. Vi visste at Lasse ikkje var i toppform den siste tida, men at det var så alvorleg visste vi ikkje. Han ville ikkje plage andre med sine plager.

Lasse Solberg byrja i NRK på slutten 1960-talet som sommarvikar. Han var sjåfør og så inspisient før han blei producer i Dagsrevyen, der han arbeidde mesteparten av si NRK tid. Men han var også producer i Sporten og for URIX. 

Lasse har vore ein av mine beste vener frå eg kom til Oslo og NRK i 1970. Det var god kjemi og venskap mellom oss frå starten sjølv om eg i fyrste tida arbeidde i radioen og han i fjernsynet. 

Lasse var ein tungvekter blant producerane. Han var kunnskapsrik og allsidig. Ein dyktig fagmann. Han hadde blant anna studert pedagogikk, sjølv om hans pedagogiske evner ikkje alltid imponerte. 

Han kunne ha ei skarp tunge med ironi og satire, og av og til blei han kalla «Slemme-Lasse». Han kalla meg heimeføding og bonde, og eg kalla han byramp. Og vi kom vel til at vi båe hadde litt rett.

Lasse Solberg avbildet som innspillingsleder for Dagsrevyen i 1969.

Lasse trefte Ingvild Jensen i Dagsrevyen, og dei fekk Emil og Mathilde.

Lasse var svært allsidig orientert, glad i litteratur og interessert i politikk. Han var også svært sportsinteressert , han hadde spela handball for Arild. Eg trur ikkje Vålerengas resultat i det siste hjelpte på hans allmenntilstand. 

Lasse var med på å lage ein stor serie om Einar Gerhardsen i lag med Herbjørn Sørebø, Bjørn Hansen og Arne Strand. I tillegg til Dagsrevyen var han også producer for store sendingar i sport og politikk. 

Lasse og eg hadde fleire saker og intervju vi gjorde i lag. Vi intervjua Edvard Hoem, Allan Edvald, Bjørg Eva Jensen, og Wenche Foss minnest eg særleg godt. 

Vi laga portrett på Wenche då ho hadde si avskjeds førestilling på Nationaltheatret, Bjørnsons «Når den ny vin blomstrar» . Vi var med på prøver, premieren og premierefest, og vi køyrde Wenche Foss heim og ho serverte champagne. Wenche sende oss eit kort etterpå: Takk for ein deilig natt. Wenche. Lasse hadde også regien på eit intervju eg hadde med Haakon Lie der han bad meg drar til ein varmare plass.

Lasse og eg hadde også god kontakt privat utanom jobben. Vi var på reiser i Karibia, Aust-Europa og i Syden. Særleg godt minnest eg ein skitur over Hardangervidda frå Finse til Haukeliseter, der også Kari Sørby var med. Lasse var eit svært godt reiseselskap då eg blei dårleg til beins.

Lasse rokk å bli farfar og morfar og det var han glad for og stolt over. Barnebarna Esther og Gabriel får ikkje oppleve bestefar, men dei får nok høyre mykje om han.

Lasse Solberg har «logga ut», men vi har han i arkivet og minnet. 

Takk for alle gode minner, Lasse! Fred over ditt minne.

Powered by Labrador CMS