Ole Kristen Harborg
«Ole Kristen Harborg arbeidde i NRK i over 40 år, og han innom fleire avdelingar og programtypar».

MINNEORD:

Ole Kristen Harborg til minne

«Han var ein romsleg og humoristisk sjef», skriv tidlegare NRK-kollega Åsulv Edland i dette minneordet.

Ole Kristen Harborg døde 16. desember, 87 år gamal. 

Ole Kristen var fødd i Trondheim, men voks opp i Lillestrøm der han sovna inn 16. desember. 

Med Ole Kristen Harborg har endå ein kjent NRK-profil gått bort. Ole Kristen arbeidde i NRK i over 40 år, og han innom fleire avdelingar og programtypar. 

Han er mest kjend for sin innsats som redaksjonssjef og leiar for politisk avdeling i radio og fjernsyn. Han byrja i radioen, og kom seinare over til fjernsynet. Politikk var hans hovudfelt, og han var ein romsleg og humoristisk sjef for oss som jobba saman med i dekninga av stortings- og lokalval. 

Han var god til å ta i mot og svare på ris og ros med eit glimt i auga og det var ingen som sette politisk merkelapp på han. Ole Kristen hadde bakgrunn frå Trøndelag og Røros, ein bakgrunn som prega hans stil, humor og romslege måte å vera på. 

Han var med på å starte det populære radioprogrammet «Ukeslutt». I 1993 laga han underhaldningsprogrammet «Endelig fredag» i NRK-fjernsynet saman Rolv Wesenlund og Anne Grosvold. Det var eit program til ettertanke og latter. Eit program til å bli i godt humør av. 

Ole Kristen Harborg var NRKs korrespondent i London 1979-83. Frå den tid minnest vi bl.a. eit intervju med statsminister Margaret Thatcher og han hadde også fleire reportasjar frå det britiske Gibraltar.

Ole Kristen Harborg var utdanna radiotelegrafist og hadde seila i utanriksfart før han studert til cand. mag ved Universitetet i Oslo. Lillestrøm var hans base og han var aktiv med i arbeidet for å restaurere «Lensene i Fetsund» og då storflaumen ramma området var han aktiv og skreiv bok om dette i lag med Tore Andresen og Erik Jakobsen.

Ole Kristen Harborg etterlet seg sønene Eirik og Henning og barnebarn. Vi kondolerer familien, og minnest Ole Kristen Harborg med glede.

Ein god sjef og eit fint menneske har gått bort. Kvil i fred.

Åsulv Edland
Tidlegare programleiar og journalist i NRK

Powered by Labrador CMS