VG journalist Eirik Røsvik, her fra da han sist brukte høytiden til jobbing, og ventet forfrossen på kongen utenfor Holmenkollen kapell 1. juledag 2022.
VG-journalist Eirik Røsvik, her fra da han sist brukte høytiden til jobbing, og ventet forfrossen på kongen
Holmenkollen kapell 1. juledag 2022.

Påskepraten:

VG-journalisten om sin forrige skitur: – Syrepopen dunka frå anlegget

Eirik Røsvik skal bruke påska som en ekte sunnmøring, og jobbe på de røde dagene.

Publisert Sist oppdatert

Medier24 stiller denne påsken en rekke spørsmål til medieprofiler i spalten #Påskepraten.

Neste person ut er VG-journalist Eirik Røsvik.

– Hva gjør du i påska? (og når hadde du sist ski på beina?)

– Påska står i Sunnmøres teikn: Eg har valt dei mest inntektsbringande raude dagane, og skal kose meg på jobb mens eg tenkjer på kronene som renn inn (sjølv om dei går til å betale ned eit gjennomsnittleg huslån og Norges største studielån). Eg har ikkje nok inntekt til å drive skatteplanlegging.

– Då eg først leste spørsmålet hugsa eg ein fin, nasjonalromantisk tur i Østmarka med mi trulova. Så kom eg dessverre på at sist eg hadde ski på beina var på afterski på Stavkroa i Hemsedal med VG Aktiv. Syrepopen dunka frå anlegget, det blei dunka ned på med ølmugger og eg dansa leikent og lekkert på bordet.

– Hvordan tar du egget ditt?

– Påskeegget: stappfullt. Hønseegget: stekt. Fasanegget: hardkokt. Fabergéegget: stole.

– Hvilke serier/podkaster/innhold vil du anbefale andre å sjekke ut?

– Det einaste eg ikkje klarer meg utan er Sunnmørsposten. Å lese min fars kommentarar er som nokon med stødig penn set ord på tankane mine, som eg sjølv ikkje klarer å formulere – som å leggje øret på bakken og lytte til det bankande og pulserande hjartet i sjølve sunnmørssjela. Eller folkesjela, som eg kallar det.

– Hva er det beste og verste som har skjedd i medieåret så langt?

– Verste: reise- og overtidsavgrensing i VG. Beste: fri flyt av reise og overtid i VG igjen.

Powered by Labrador CMS