Korleis burde lengre artiklar skrivast for å halde på lesaren?

MENINGER:

Vi treng ein diskusjon om forteljarstilen i norsk presse

«Er journalistspråket på ville vegar? Skal alt vere ein gjettekonkurranse? «Meir om dette sidan ».», skriv Lars Aarønæs.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel.

På den eine sida har vi telegramstilen. I typiske nyhendingssaker er poenget å få fram poenget raskt: Spørsmåla om "kven?", "kva?" og "når?" skal få svar heilt i starten. På desken skal dei kunne kappe bakfrå i teksten. Kappinga gjer ingen annan skade enn å fjerne mindre vesentlege detaljar.

Denne skrivemodellen har sjølvsagt ingen einerett i media. Til det er den for einsidig.

Tenk deg eit telegramforma folkeeventyr: «Askeladden fekk i dag landets prinsesse og halve kongeriket. Den unge mannen har no utført sju bragder, basert på utfordringar frå kongen. I siste fase blei kongen påført ei frostblemme, då ein av Askeladdens medarbeidarar sleppte ut ein vinter for mykje. «Dette var snipp, snapp, snute», seier kongen.»

På den andre sida har vi forteljande journalistikk, ofte omtalt som feature. Det handlar det om å bygge opp ei historie. Slikt kan gjerast godt og det kan gjerast gale.

Her er innvendingane mine mot somme av dei nye variantane:

a) Lesaren har i starten inga aning om kva saka dreier seg om, men skal lurast til å tru at det er noko veldig spanande.

b) I journalistutdanninga lærte vi om «store inngangar til små hus». Forbausande mange saker har eit mykje mindre dramatisk poeng enn starten tilseier.

c) Journalisten er gripen av sin eigen forteljarstil og sine eigne skildringar, men samstundes så usikker på eigen tekst at han tyr til setningar som «meir om dette sidan». Dette er det som språkmann og tidlegare journalistlærar Jon Peder Vestad kallar ein sjølvpeikande tekst.

Journalisten gjer seg til narr når han tyr til tjuvtriks og slik lettvint skriving. Målet ser ut til å vere at lesaren skal bli irritert.

Det er iallfall resultatet.

———————————————-

Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS