Bengt Flaten, ansvarleg redaktør og dagleg leiar i Fjordingen.
Foto: Fjordingen
MEININGER:
Rettssak og reality
Dette spørsmålet burde Danby Choi fått etter vitnemålet i Høiby-rettssaken, mener Bengt Flaten.
På førehand var det frå mange hald knytt sterk uro for at medieoppbodet i rettssaka mot Marius Borg Høiby kunne bli problematisk.
For når svært mange mediehus dekkjer same saka, vert det massivt. Mykje meir massivt enn det sjåarar og lesarar kan ane.
Når eit medlem av kongefamilien står tiltalt for ei rekkje alvorlege brotsverk, er det udiskutabelt at rettssaka er spesiell og krev betydeleg mediedekning. Men etter fire veker rettssak og ein stor mengde detaljar om det tiltalte og fornærma har halde på med - og har ulike syn på - er dette i ferd med å likne ein realityserie som er flytta til Oslo tingrett.
Innlegget vart først publisert som ein leiar i Fjordingen.
I media sin dekning av valdtektssaker og saker med skuldingar om seksuelle overgrep, skal media vere forsiktig med å skildre detaljar. Først og fremst av omsyn til den eller dei fornærma. I Oslo tingrett har den eine kjendisen etter den andre dukka opp i vitneboksen. Nokre med namn og bilde, mange anonyme.
Dei som ikkje er omtalt med namn er anonyme for den vanlege lesar. Men svært mange i omgangskretsen deira vil likevel vite kven dei er. At hovudpoenga i vitneprova deira vert referert i media, er viktig for at ålmenta skal forstå kva saka handlar om. Men i mange referat og artiklar har vi fått lese mykje meir enn vi har behov for. Ein sovevaldtekt utan samleie burde til dømes ikkje trenge detaljert skildring om kva som skjedde. For den fornærma og hennar næraste er det neppe særleg kjekt når denne type detaljar vert referert ut i det offentlege.
At Marius Borg Høiby har omgitt seg og omgir seg med mange kjendisar, betyr at mange av dei vert del av rettssaka. Anten som fornærma eller vitne. Fredag var Danby Choi i retten som vitne. Subjekt-redaktøren og realitykjendisen fortalde at han er like god ven av både Marius Borg Høiby og Nora Haukland. Haukland er eks-sambuar til Høiby og ein av dei mange fornærma i rettssaka. Eit nachspiel i avislokala til Subjekt, der Høiby og Haukland hadde krangla, var stort tema då Choi var i vitneboksen. Dermed heldt realityserien på mange vis fram, med fleire underhaldande moment for mange.
Ute på gata, etter vitneprovet, svarte Choi på spørsmål frå media. På ein video publisert av VG fredag vart det sagt at «Marius har forklart seg om kokain på mange fester», med oppfølgjande spørsmål om det er noko som pleier å vere på Subjekt sine nachspiel også. «Eg har ingen kommentar til det», var svaret frå Choi.
Spørsmålet som ikkje vart stilt, men som burde bli det, er kva Choi tenkjer om korleis hans mange roller, venskap og nachspiel i redaksjonslokala høyrer i hop med det å vere ein truverdig, uavhengig redaktør og kritisk samfunnsdebattant. Eller kva lesarane hans tenkjer om dei mange rollene og koplingane.
———————————————-
Dette er et debattinnlegg, og gir uttrykk for skribentens mening. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.