– Ein del må veljast vekk om kvardagen skal vera nokolunde leveleg, skriv Sigbjørn Linga.

SKRÅBLIKK:

Hordaland Folkeblad kjem i avgrensa grad til å stilla opp for stortingspolitikarar

«For oss i pressa – i alle fall i dei minste redaksjonane i landet – inneber dei neste vekene mange tøffe prioriteringar», skriv Sigbjørn Linga.

Publisert

Sjeldan er overgangen frå sommar til haust så brå som i dei åra kommunevalet står for døra. 

Ein slumrande nasjon vaknar til ein kakofoni av lokalpolitiske lovnader, parasollar, pennar, drops, debattar, skryteinnlegg i sosiale medium og endåtil ein snev av politisk debatt i lokalavisene. Tenk om dei folkevalde hadde vore like ivrige og frampå for å visa fram politikken sin etter som før valet!

For oss i pressa – i alle fall i dei minste redaksjonane i landet – inneber dei neste vekene mange tøffe prioriteringar. 

Nokre av dei vil skapa reaksjonar, truleg mest i partia og i mindre grad blant folk flest. 

Arbeidslivet skal helst vera uthaldeleg, og me ynskjer å halda på dei gode kreftene me har sikra oss på huset. Då veit eg av røynsle at ein ikkje kan gapa for høgt. 

Ein del må veljast vekk om kvardagen skal vera nokolunde leveleg.

Det er bakgrunnen for at Hordaland Folkeblad i avgrensa grad kjem til å stilla opp for stortingspolitikarar som kjem på vitjing, sjølv om mange av dei er både trivelege og kompetente. 

Men: Årets val er eit lokalval. Det skal handla om lokale saker og lokale kandidatar, og til naud fylkessaker og fylkestingskandidatar. Der må energien brukast. 

Kva ein stortingspolitikar i eit meir eller mindre sentralt plassert parti måtte meina om framtida til Tørvikbygd skule eller om kor høgt hyttene bør liggja på Kvamskogen, får me ikkje vita, same kor me spør og grev. 

Dei tilreisande kan snakka om mangt og mykje, og kastar sikkert glans på ymse vis, men særleg essens tilfører dei sjeldan det lokale ordskiftet som er grunnlaget for røystinga 11. september.

Stundom kan det vera freistande å gjera som ein djerv, liten kar i dåverande Tolomarka barnehage gjorde då ein tidlegare statsråd kom på visitt før valet, med pressa på slep. Spørsmålet hans var like enkelt som det var godt – og det viste seg å vera brysamt å svara på: «Kva gjer du her?»

———————————————-

Denne teksten vart først publisert hos Hordaland Folkeblad, og er gitt att med løyve.

Dette er ein kommentar, og gir uttrykk for skribentens meining. Har du lyst til å skrive i Medier24? Send ditt innlegg til meninger@medier24.no.

Powered by Labrador CMS